Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Temasider og høyringar om aktuelle saker i Samnanger

Her finn du:

  • temasider om saker som for tida er spesielt aktuelle i Samnanger kommune.
  • informasjon om saker/planar i kommunen som er lagt ut på høyring
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.11.2010
Temasider og høyringar
Publisert 05.01.2017
Reguleringsendring Bjørkheim

Reguleringsendring for områdereguleringsplan Bjørkheim, planID1242201001
vart vedteken i kommunestyret 15.12.2016.

Publisert 27.10.2016

Offentleg ettersyn med merknadsfrist 24.11.2016. Lerøy Vest AS - Søknad om løyve til landbasert oppdrett av inntil 200 000 stk. Berggylt, Bergnebb, Grasgylt, Grøngylt og Brungylt på lokalitet 12131 - Sagen i Samnanger kommune

Publisert 07.03.2016

Sak om kommunale vegar vart handsama av kommunestyret 03.03.2016. Saksdokumenta kan lastast ned her på kommunen sine nettsider.  

Publisert 30.10.2015

Høyringsfrist: 26. november 2015. 

Publisert 23.01.2015

Frist for å koma med merknadar er 20. februar 2015.

Publisert 21.11.2014

Samnanger kommune hadde til og med 2014 berre eigedomsskatt på såkalla "verk og bruk". Frå og med 2015 er det også innført eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar.

På sidene nedanfor vil du finna informasjon om innføringa av eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar.

Du kan også ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om eigedomsskatt:



(Klikk her dersom du ikkje får opp oversikta over artiklar om eigedomsskatt nedanfor.) 

Publisert 07.08.2014
 
Publisert 10.07.2014

Planprogram for interkommunal næringsarealplan for Fusa, Os og Samnanger ligg ute til offentleg gjennomsyn fram til 16.08.2014.  

Publisert 03.07.2014

Samnanger kommune har fått utarbeidd ein kommunedelplan for små vasskraftverk som no vert lagt ut til offentleg ettersyn, frist for merknadar er 1.9.2014.

 

Publisert 30.05.2014
Forslag endra valkrinsar

Valstyret foreslår å endra valkrinsane i Samnanger frå og med 2015. Forslaget ligg ute til høyring fram til 01.08.2014.  

Publisert 28.05.2014

Samnanger kommune har vedteke å leggja framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2024 ut til offentleg ettersyn og høyring etter PBL § 11-14. 

Publisert 22.05.2014

Samnanger kommunestyre gjorde 7.5.14 prinsippvedtak om bruk av utbyggingsavtalar. Plan- og bygningslova § 17-2 heimlar bruk av utbyggingsavtalar for gjennomføring av planvedtak.

 

Publisert 06.05.2014

Samnanger kommune planleggjer å søkja om meir tilskot til utbygging av breiband. I samband med dette ønskjer me innspel frå innbyggjarar og næringsdrivande i kommunen om kva område som skal prioriterast. Frist for å koma med innspel/gje høyringsuttale er 05.06.2014.

Publisert 28.04.2014

NVE har motteke til saman 12 søknader om bygging av småkraftverk i Kvam, Fusa og Samnanger. Frist for å gje høyringsuttale er 30.06.2014.

Publisert 24.04.2014

Planen vil leggja til rette for om lag 80 husvære i eit nytt bustadfelt ovanfor Lønnebakken, med tilkomst via Steinslandsvegen og Gjerdsvegen.

Publisert 21.03.2014

Samnanger kommune har fått utarbeidd reguleringsplan for Øvre Rolvsvåg industriområde. Planen låg ute til offentleg ettersyn som ein detaljreguleringsplan frå 20.9.12 til 1.11.12. Den blir no lagt ut til andre gongs offentleg ettersyn som ein områdereguleringsplan.

 

Publisert 20.03.2014

Samnanger kommunestyre gjorde 5.3.14 vedtak om å leggja framlegg til prinsippvedtak om utbyggingsavtalar ut til offentleg ettersyn. Plan- og bygningslova § 17-2 heimlar bruk av utbyggingsavtalar for gjennomføring av planvedtak.

Publisert 14.03.2014

Det er no høve til å koma med innspel til revisjon av kommuneplanens arealdel. Denne planen legg premissane for korleis innbyggjarane kan nytta eigedomane sine. Fristen for å senda inn innspel er 31. mars 2014.

Publisert 29.11.2013

Planprogrammet skal danna grunnlag for arbeidet med å revidera arealdelen av kommuneplanen. Høyringsfrist 30. november 2013.

Publisert 19.04.2013

I eldrerådsmøte den 9.4.2013 handsama Eldrerådet sak 004/13 ”Oppgåver, etablering og økonomiske konsekvensar for ein frivilligsentral i Samnanger”. I handsaminga av saka vart det vedteke å sende saka ut på høyring til lag og organisasjonar i Samnanger.

Publisert 03.04.2013

Det skal i perioden januar 2013 - 2015 byggjast ny veg på strekninga Straumen - Gaupholm. Her finn du diverse informasjon om utbygginga.  

Publisert 21.03.2013

Områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet vert med dette lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn, då Fylkesmannen har oppheva Kommunestyret sitt vedtak av planen den 20.06.2012.

Publisert 21.03.2013

Samnanger kommune har vedteke å leggja forslag til kommunedelplan for kulturminne 2012-2020 ut til offentleg ettersyn og høyring etter PBL § 11-14.

Publisert 11.01.2013

For å få akseptabel stigning på tilkomstvegen må planområdet utvidast.

Publisert 15.11.2012

Frist for innspel til planarbeidet er 21.desember 2012.

Publisert 09.10.2012

Sak om overføring av Vaksdalsvassdraget til Samnangervassdraget er lagt ut på høyring. Høyringsfrist er 21.11.2012.

Publisert 02.10.2012

BIR Privat har sendt ut forslag til revidert forskrift om handtering av hushaldningsavfall. Høyringsfrist er 01.11.2012.

Publisert 28.09.2012

Onsdag 26.09.2012 var det folkemøte på Tysse om North Connect-prosjektet. Lysarka frå møtet er no lagt ut på kommunen sine nettsider.

Publisert 20.09.2012

Offentleg ettersyn av reguleringsplan. Frist for uttale: 1. november 2012.

Publisert 23.08.2012

Søknad frå Aldal Kraft AS om løyve til Aldalselva kraftverk er lagt ut til høyring/offentleg ettersyn, med høyringsfrist 28.09.2012.

Publisert 17.08.2012

Framlegg til forskrift om oppmålingsarbeid om vinteren er lagt ut til høyring, med høyringsfrist 10.09.2012.

Publisert 13.07.2012

Reguleringsplanen vart vedteken av kommunestyret 20.06.12.

Publisert 03.07.2012

Gjeld bygging av Øystese kraftverk og overføring av vatn frå Øystesevassdraget til Samnangervassdraget. Høyringsfrist er 15.10.2012.

Publisert 25.05.2012

Ny veg til Sætervika og Næringsområde Kvernhusvikjo

Publisert 25.05.2012

Framlegg til personar frå Samnanger som skal sitja i domsutval m.m. frå 2013, er lagt ut til off. ettersyn. Merknadsfrist er 11.06.2012.

Publisert 14.05.2012

Høyringsfristen for framlegg til plan for folkehelse gjekk ut 10.05.2012. Planframlegget kan framleis lastast ned.

Publisert 09.03.2012

Styresmaktene har vedteke at det skal byggjast 420 kV kraftleidning mellom Sima og Samnanger. På denne sida vert det lagt ut informasjon knytt til denne saka.

Publisert 24.02.2012

Frist for å koma med merknader er 30. mars 2012.

Publisert 16.02.2012

Statens vegvesen søkjer om utslepp av tunnelvatn i anleggs- og driftsfase for tunnel ved Tysse. Saksdokumenta ligg til offentleg ettersyn fram til 30.03.2012.

Publisert 14.02.2012

Utvalet for oppvekst og omsorg behandla 07.02.2012 sak om namn på bustad- og hyttefelt i Samnanger. Vedtaket er lagt ut til offentleg høyring fram til 16.04.2012.

Publisert 09.02.2012

(Denne sida vert ikkje oppdatert etter 2013. Sjå ny informasjonsside om utbygging av Samnangerheimen for oppdatert informasjon).

Samnanger kommunestyre vedtok 04.11.2010 at den eldste delen av Samnangerheimen på Haga skal rivast og erstattast med nybygg same stad. Den eldste delen av Samnangerheimen vart bygd på 1950-talet og vart påbygd på 1970-talet.  

Den nyaste delen av Samnangerheimen skal behaldast. Denne delen vart teken i bruk på 1990-talet.

Det er førebels ikkje endeleg bestemt korleis sjukeheimsdrifta skal vera i byggeperioden.   

Forventa brutto kostnad (investeringramme) for prosjektet er 100 millionar kroner.

Publisert 19.12.2011

Planen er lagt ut til ettersyn i perioden 8. desember 2011 til 2. februar 2012.

Publisert 19.12.2011
Det vert no kunngjort oppstart av privat detaljreguleringsplan for eit 166 dekar stort område ovanfor fv 7 i Eikedalen.
Publisert 19.12.2011
Gbnr. 18/33, ovanfor Bjørkheim. Merknadsfrist: 18.01.2012.
Publisert 14.09.2011
Her vert det lagt ut informasjon om kommune- og fylkestingsvalet 2011. Valdagen var måndag 12.09.2011.
Publisert 12.09.2011
Samnanger kommune har engasjert Norconsult til å utarbeida detaljreguleringsplan for øvre Rolvsvåg industriområde. Uttalefrist 07.10.11.
Publisert 09.09.2011
Samnanger kommune har sett i gang arbeid med detaljregulering i delegert sak nr. 072/11. Frist for innsending av merknader er 07.10.2011.
Publisert 21.06.2011
Planprogram for kommunedelplan for små vasskraftverk ligg ute til høyring i perioden 16.06 - 15.08.2011.
Publisert 04.04.2011
Statens vegvesen skal leggja til rette for for gang- og sykkelveg langs FV 7 Frølandsvatnet. Uttalefrist er 09.05.2011.
Publisert 01.04.2011

BKK sin søknad om konsesjon om å få byggja Aldal kraftverk og nytt Frøland kraftverk er sendt ut på høyring. Høyringsfrist er 13.05.2011. 

Publisert 31.03.2011
Det vert no sett i gong arbeid med to private detaljreguleringsplanar, ovafor Bjørkheim og i Eikedalen. Uttalefrist er 01.05.2011.
Publisert 30.03.2011

Kommunedelplan for kystsona i Samnanger er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 17.02 - 31.03.2011.  

Publisert 02.03.2011

Forslag til planprogram for områdereguleringsplan Bjørkheim vart lagt ut på høyring hausten 2010, med høyringsfrist 10.12.2010. Høyringsdokumenta finn du nedanfor.

Publisert 11.02.2011
Informasjonsplakat utbygging Ytre Tysse

Ytre Tysse skal "rustast opp", med miljøgate, ny kai og eit lite parkanlegg ("tusenårspark"). I tillegg skal det kommunale vass- og kloakkanlegget på Ytre Tysse utbetrast.

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering