Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Høyring - forslag om endra valkrinsar i Samnanger

Valstyret foreslår å endra valkrinsane i Samnanger frå og med 2015. Forslaget ligg ute til høyring fram til 01.08.2014.  

Valstyret vedtok 29.04.2014 (i sak 003/14) å foreslå endringar i valkrinsane i Samnanger frå og med 2015. Det vart vidare vedteke at innbyggjarane skal få høve til å uttala seg før det vert fatta endeleg vedtak. Valstyret foreslår å redusera talet på valkrinsar i Samnanger frå sju til tre. Valkrinsane vil etter dette forslaget verta som følgjer:

  • Nordbygda (med Nordbygda grendahus som røystelokale).
  • Gjerde (med Nesodden bedehus som røystelokale).
  • Tysse (med Samnanger ungdomsskule som røystelokale).  


Informasjon om dei noverande valkrinsane finn du nedst i denne artikkelen.

Bakgrunnen for forslaget er mellom anna overgang til bruk av digitalt manntal i røystelokala frå og med valet 2015, og behovet for dataopplæring for dei som skal ta imot røyster i valkrinsane.

Frist for å gje høyringsuttale er 01.08.2014. Høyringssuttalar må vera skriftlege og skal sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse eller på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no.



Meir informasjon:
- Saksutgreiing og vedtak  -  valstyret 29.04.2014 (PDF-dokument).
- Valgloven, kapittel 9
- Valgforskriften, kapittel 7.



Noverande valkrinsar og forslag til nye valkrinsar:Forslag endra valkrinsar - Klikk for stort bilete

 


 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering