Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Høyring - Vaksdalsvassdraget/Samnangervassdraget

Sak om overføring av Vaksdalsvassdraget til Samnangervassdraget er lagt ut på høyring. Høyringsfrist er 21.11.2012.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke melding frå BKK Produksjon AS om å få overføra Vaksdalsvassdraget i Vaksdal kommune til Samnangervassdraget i Samnanger kommune. Meldinga vert sendt på høyring til alle som saka vedkjem. NVE har i tillegg bedt Vaksdal og Samnanger kommune om å kunngjera saka på sine heimesider.

Føremålet med meldinga er å varsla tidleg om tiltaket og fremja forslag til dei forholda som bør utgreiast nærare og kva søkjar må ta omsyn til under den vidare planlegginga. NVE vil fastsetje eit konsekvensutgreiingsprogram for tiltaket med grunnlag i meldinga, uttalane til denne og eigne vurderingar.  

Høyringsfrist er 21.11.2012. NVE vil halda eit ope møte i løpet av høyringsperioden.

Høyringsbrevet og meir informasjon om saka finn du på NVE sine nettsider, sjå lenke nedanfor.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.10.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering