Kommunal planstrategi - Offentleg ettersyn

Kommunal planstrategi vert med dette lagt ut på høyring med frist for merknadar 16. april 2020.

Kvar kommunestyreperiode skal det vedtakast ein kommunal planstrategi som oppsummerer kommunen sitt planbehov, og rangerer kva planar kommunestyret ynskjer å prioritera utarbeiding eller revisjon av i valperioden. Samnanger kommunestyre har gjort følgjande vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til planstrategi:

 

Med heimel i plan- og bygningslova § 10-1, andre ledd vert framlegg til kommunal planstrategi for Samnanger kommune 2020-2023 lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring til statlege og regionale organ og nabokommunar.

Det vert gjort følgjande endringar i forhold til naturutvalet si tilråding:

  • Det bør takast inn i samfunnsdelen ei målsetting om ein befolkningsvekst på 3 %.
  • Trafikksikringsplanen må inn som eige punkt i planprogrammet.
  • Bustadsosial handlingsplan skal vera ein del av samfunnsdelen i kommuneplanen
  • Arbeidet med arealdelen i kommuneplanen skal startast opp parallelt med samfunnsdelen. Fokuset skal då vera spesielt på dei områda som vert arbeidde med i samfunnsdelen.

 

 

Her er dokumenta som ligg ute til offentleg ettersyn:

Kommunal planstrategi for Samnanger kommune 2020-2023 (PDF, 3 MB)

Saksutgreiing til handsaminga i naturutvalet og kommunestyret (PDF, 690 kB)

Folkehelserapport (kortversjon) (PDF, 3 MB)

Folkehelserapport (fullversjon)  (PDF, 7 MB)

 

Frist for å koma med merknadar er 16. april 2020. Merknadar skal sendast postmottak@samnanger.kommune.no

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 16.03.2020