Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Kommunedelplan for fv 49 forbi Tokagjelet - Offentleg ettersyn

Statens vegvesen har utarbeidd planen som skal fastsetja trasé for tunell, og ei rekkje alternativ er utgreidde. Merknadsfrist: 23.11.19

Statens vegvesen har i samarbeid med fylkeskommunen og kommunane Kvam og Samnanger utarbeidd forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for å fastlegge trase for ny fv.49 forbi Tokagjelet. Planen omfattar strekninga mellom Steinsdalen og Frøland, og det er utgreidd 11 ulike alternative trasear.

Alternativ Tokagjelet.png - Klikk for stort bilete

Kommunedelplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 7. oktober 2019 til 23.november 2019 og me ber om eventuelle merknader til planen.

 

Plandokument, konsekvensutgreiing,  delrapportar og illustrasjonar finn du på:

Ope møte / kontordagar

Det blir arrangert kontordagar og opne møte i kommunane for å informere om planen:

Kvam, torsdag 31.oktober

  • Kl. 12–15 Kontordag, på rådhuset i Norheimsund.
  • Kl. 18–20 Informasjonsmøte i Norheimsund, på Norheimsund skule

Samnanger, tysdag 5.november

  • Kl. 13-15 Kontordag, kommunehuset
  • Kl. 19–20 Informasjonsmøte, Biblioteket på Bjørkheim

Merknader til planen kan sendast til Statens vegvesen innan 23.november 2019.

Send merknadane skriftleg

Merk e-post og/eller brev med «Tokagjelet»

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-2 og 11-14. Planen blir utarbeidd etter § 3-7.

 

Spørsmål

Eventuelle spørsmål kan rettast til: Statens vegvesen

v/Magna Vangsnes Tlf. 57 65 58 53 eller magna.vangsnes@vegvesen.no

v/ Carl-Erik Nielsen Tlf. 56 52 02 45 carl-erik.nielsen@vegvesen.no

 

Kontaktpersonar i kommunane og fylkeskommunen er:

Sist endra 07.10.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering