Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Melding om oppstart av detaljregulering for Høysetervegen 136 Gnr 35 Bnr 4 m.fl., Næringsområde i Børdalen.

Høyringsfrist 31.10.2018

Publisert av Roald Aandahl. Sist endra 12.09.2018


Plangrense Børdalen - Klikk for stort bilete

I medhald av plan og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 blir det hermed varsla om oppstart av planarbeid for gnr/bnr 35/4 m.fl. i Børdalen, Samnanger kommune. Planarbeidet har som intensjon å legge til rette for eit datasenter med tilhøyrande infrastruktur. 

 

Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter § 4-2 og planprogram etter § 4-1.  Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn samtidig som planarbeidet vert varsla.  Forslagsstillar er Regn Datacenters AS.  A/STAB er utførande konsulent for planlegginga.

 

Planområdet er 338,4 daa, og skal omfatte tilstrekkeleg areal til vurdering av alternative løysningar for tilkomstveg og sikringstiltak mot ras.  Nettstasjonen er tatt med på grunn av at dei næraste høgspentlinene skal gravast ned i bakken. Sjølve datasenteret skal plasserast innanfor område N07 i KPA 2017-2027 med arealformål framtidig næringsbebyggelse. Vesentlege utgreiingstema er ras og skred, vassdrag og vassdragsvern, flaum og erosjon, naturmangfald og landskap.  

 

Eventuelle merknader eller innspel som er av relevans for planarbeidet skal sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun eller per e-post til post@a-stab.no. Merknadsfrist er 31.10.2018. Alle mottatte dokument vert sendt kommunen i samband med første gongs innlevering.

 

Kunngjeringa og planprogrammet er lagt ut på heimesida til A/STAB AS, www.a-stab.no via linken «Kunngjøringer» samt også på Samnanger kommune sine heimesider. 

 

Vedlegg:

Høyringsutkast planprogram (PDF, 2 MB)
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering