Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet

Områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet vert med dette lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn, då Fylkesmannen har oppheva Kommunestyret sitt vedtak av planen den 20.06.2012.

Vedtaket vart oppheva fordi endringane mellom planforslaget som låg ute til offentleg ettersyn og planen som vart vedteken, var så store at planen skulle vore gjennom ein ny høyringsrunde før vedtak. Dette for å sikra offentleg og privat medverknad og samråd i reguleringsprosessen.


Planen må difor leggjast ut til offentleg ettersyn igjen no. Naturutvalet (det faste utvalet for plansaker) har vedteke å leggja ut planen med dei endringane som kommunestyret vart einige om i sitt vedtak. I tillegg tek ein med at det ved handsaming av klagene vart gjort vedtak om dei to nedanforståande punkta. Desse er ein del av høyringa, men dei er ikkje teikna inn på plankartet:

  • G4 vert omgjort frå gangveg til køyreveg på 5,5-6 m. Gangvegen kan då gå mellom husa inne på F/K2, slik den gjer i dag. Undergangen under fv7 koplar seg då på denne eksisterande gangvegen i staden for G4.

  • Det vert tilkomst til eksisterande parkeringsplassar i det vestlege hjørnet av F/K2, via krysset KV5 -> G4.


Planmaterialet kan lastast ned frå lenkjene til høgre (under Fil).


Alle kjende grunneigarar innanfor planområdet vert med brev varsla om vedtaket. Alle som har interesse for det kan koma med uttale til planframlegget som no vert lagt ut til høyring. Klagene som kom frå grunneigarar innanfor planområdet i førre runde vil inngå i den nye handsaminga av planen. Det er også høve for klagarane å koma med nye eller justerte uttalar til høyringa.


Merknadar til planframlegget skal sendast kommunen: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE, eller postmottak@samnanger.kommune.no innan 8. april 2013.

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 11.06.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering