Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Oppstart av reguleringsplan - Eikedalen hyttegrend

Det vert no kunngjort oppstart av privat detaljreguleringsplan for eit 166 dekar stort område ovanfor fv 7 i Eikedalen.
Forslagsstillar er Ålvik Bygg og Utvikling AS.
 
Planområdet ligg ovanfor fylkesveg 7 og i hovudsak vest for krysset mellom vegen til Eikedalen skisenter og fylkesveg 7. Oppover i lia er planområdet avgrensa ca. til kote 475, som er om lag 85 høgdemeter over fylkesvegen. 
  
Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for etablering av fritidsbustader og bustader med tilhøyrande infrastruktur, gang- og sykkelveg langs fylkesvegen, næringsareal i nord, grønnstruktur m. m.
 
Sjå vedlagde filer i høgremenyen for kart over området og fleire detaljar om planarbeidet.
 
Merknadar og innspel til planarbeidet kan sendast innan 12.01.2012 til
Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal. Det skal ikkje sendast kopi til kommunen, då alle merknader, innspel, dokument o.l. vil fylgja planframlegget når det vert sendt Samnanger kommune for vidare handsaming.
Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 19.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering