Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Oppstart reguleringsplan, gs-veg Fv7-Eikedalen

 

Publisert av Roald Aandahl. Sist endra 19.11.2015

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 (og § 12-9) vert det med dette varsla om oppstart av to reguleringsplanar langs fv.7 over Kvamskogen, for strekningane Tokagjelet -Ungdomsheimen og NAF- Eikedalen.

Formål med reguleringsplanane er å leggje til rette for gang- og sykkelveg langs fv. 7 over Kvamskogen. Tiltaka i planane skal fokusera på betring av trafikktryggleiken langs fv.7 og i tillegg handtere arealutviklinga kommunedelplanen opnar for.

For begge strekningane skal løysingar for gang- og sykkelveg henge saman med løysingane i vedteken reguleringsplan for strekninga Ungdomsheimen – NAF og kommunedelplanen for Kvamskogen.

TOKAGJELET-UNGDOMSHEIMEN

I hovudsak vert gang- og sykkelveg planlagt langs nordsida av fv. 7. Planen skal også leggje til rette for bygging av skibru ved Klubben.

NAF – EIKEDALEN

I hovudsak vert gang- og sykkelveg planlagt langs sørsida av fv. 7 og på eksisterande veg rundt Teigaberget. Planen skal også legge til rette for bygging av skibru ved Jonshøgdi.

Sanering av avkøyrsler vil inngå i planarbeidet for begge strekningane.

Planforslaga vil vera i tråd med overordna plan og er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Tiltakshavar er Kvam Herad og planleggjar er Multiconsult ASA.

Nærare informasjon om planarbeidet er finne på Kvam Herad og Samnanger kommune sine heimesider og på Multiconsult si nettside : www.multiconsult.no/kunngjoring

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle kommentarar/ merknadar til planarbeidet skal sendast skriftleg til: Multiconsult ASA v/Toril Amundsen, Nesttunbrekka 99, 5221 NESTTUN eller e-post: toril.amundsen@multiconsult.no innan 23.12.2015.

Spørsmål vedkomande reguleringsarbeidet kan stilast til:

Multiconsult ASA v/ Toril Amundsen tlf.: 55 62 33 75

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering