Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Reguleringsplan - Gang- og sykkelveg langs Frølandsvatnet

Frist for å koma med merknader er 30. mars 2012.

 

Samnanger kommune og Statens vegvesen legg fram forslag til reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Frølandsvatnet. Bakgrunnen for planarbeidet er tilbakemelding om fleire trafikkfarlege tilhøve langs fv. 7 mellom Straumsbrua og Frøland, samt tilgang på tunnelmassar og samordning av anleggsarbeid med bygginga av Tyssetunnelen.

 

Plankartet og føresegnene er dei juridisk bindande delane av planen, medan planskildringa skildrar kva tiltak som skal gjennomførast og verknadane/konsekvensane av dei. Dei juridiske delane av planen legg grunnlag for dei grunnerverv som må til for å gjennomføra planen.

 

Alle plandokument kan lastast ned her, samt at dei er tilgjengelege på kommunehuset.

 

Planen ligg no ute til første gongs offentleg ettersyn, og dei som har merknader eller innspel til planarbeidet har høve til å uttala seg. Alle merknader må sendast skriftleg til adm@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE innan 30. mars 2012.

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 24.02.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering