Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Høyringar og temasider

Søknad om utslepp av tunnelvatn

Statens vegvesen søkjer om utslepp av tunnelvatn i anleggs- og driftsfase for tunnel ved Tysse. Saksdokumenta ligg til offentleg ettersyn fram til 30.03.2012.


Kunngjering:

Søknad om utslepp av tunnelvatn i anleggs- og driftsfase frå tunnel ved Tysse i Samnanger kommune

Statens vegvesen Region vest skal oppgradere fylkesveg 48 mellom Gaupholm og Straumsbrua i Samnanger kommune. Dei søkjer om midlertidig utslepp av vatn for å drive tunnel og permanent utslepp av vatn frå vasking av tunnelen etter at den er sett i drift. Anleggsstart er planlagt i november 2012. Driving av tunnelen tek 1 år, mens total byggetid vil vere 2 år.

Utslepp av vatn frå tunneldriving vil ha utslepp til Samnangerfjorden, mens utsleppet etter tunnelvask vil ha utslepp til Tysseelva. Avløpsvatn frå både anleggs- og driftsfase skal gå via sandfangskum og slam – og oljeutskillar før utslepp.

Saksdokumenta ligg til offentleg ettersyn på kommunehuset i Samnanger, Statens hus i Kaigaten 9 i Bergen,
www.fylkesmannen.no/hordaland under høyringar.

Merknader til søknaden kan du sende til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen eller
fmhopostmottak@fylkesmannen.no innan 30. mars 2012.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 16.02.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering