Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Brannsamarbeid mellom Bergen og Samnanger

Bergen og Samnanger har inngått samarbeidsavtale om brann- og redningstenester. Avtalen gjeld frå 01.01.2014.   


Avtalen gjeld såkalla vertskommunesamarbeid, og inneber at Bergen kommune skal utføra diverse oppgåver knytt til brann- og redningstenester for Samnanger. Mellom anna overtek Bergen brannsjefansvaret. Brannsjefen i Bergen er no også brannsjef i Samnanger kommune.

Bergen kommune overtek også ansvaret for ulike administrative oppgåver, mellom anna tilsynsansvaret for særskilte brannobjekt.

Samnanger kommune skal framleis ha arbeidsgjevaransvaret for dei deltidstilsette i brannvesenet i kommunen.

For nærmare detaljar vert det vist til samarbeidsavtalen, som kan lastast ned nedanfor.

 

 Underskriving av brannsamarbeidsavtalen. Frå venstre brannbefal Torleif Steinsland, ordførar Marit Aase og brannsjef Johnny Breivik.  - Klikk for stort bileteUnderskriving av brannsamarbeidsavtalen. Frå venstre brannbefal Torleif Steinsland, ordførar Marit Aase og brannsjef Johnny Breivik.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 04.02.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering