Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Har du ein sjeldan sjukdom eller alvorleg allergi?

I 2015 fekk alle innbyggjarar i Samnanger ein såkalla kjernejournal. Kjernejournalen er ei elektronisk teneste som samlar helseopplysningar som er spesielt viktige dersom du får akutt behov for hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore tidlegare. Dersom du har alvorlege sjukdomar eller allergiar, kan du snakka med fastlegen din og be han/ho leggja dette inn i kjernejournalen din. 

I kjernejournalen vert det samla viktige helseopplysningar som både den einskilde innbyggjaren og helsepersonell har tilgang til.

Kjernejournalen vil gjera at helseopplysingane om deg er raskt tilgjengelege for helsepersonell. Dette vil mellom anna kunne medverka til tryggare helsehjelp i akutte situasjonar.  

Kjernejournal vart oppretta i Samnanger kommune 01.03.2015 og alle som er folkeregistrerte i kommunen vil få ein kjernejournal, dersom dei ikkje allereie har reservert seg frå det.

1-2 prosent av alle innbyggjarar i Norge har ein sykdom, tilstand eller allergi som gjer at akuttbehandling kan få alvorlege følgjer dersom legane ikkje får beskjed om dette før dei starter behandlinga. Slike opplysningar, som kan endra val av undersøking, behandling og oppfølging av deg på sjukehus, vert kalla «kritisk informasjon» og er ein viktig funksjon i kjernejournalen. 


Når får eg kjernejournal?
Eit oversyn over kommunar der innbyggjarane allereie har fått kjernejournal og kva kommunar som står for tur, finn du på www.helsenorge.no/kjernejournal/nar-far-jeg-kjernejournal.


Reservasjon mot kjernejournal
Ønskjer du ikkje å ha ein kjernejournal, kan du reservera deg når som helst. Det gjer du ved å logga deg inn på www.helsenorge.no og gå til innstillingane for din kjernejournal.


Kvar finn eg kjernejournalen min?
På den offentlege helseportalen www.helsenorge.no får du tilgang til opplysingane i kjernejournalen ved å logga deg på med din elektroniske ID. Her kan du sjå informasjonen som er lagra om deg og leggja inn ekstra opplysingar.

Kjernejournal er ei av fleire tenester du kan sjå på www.helsenorge.no. Her finst òg oversyn over din fastlege, dine reseptar og eigenbetalingar, i tillegg til andre tenester du kan betene sjølv.


Snakk med legen din
Det er legen som må registrera kritisk informasjon i sine pasientars kjernejournalar. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Derfor vil ikkje kritisk informasjon liggja i kjernejournalen din før legen har registrert den.
 

Du kan sjølv sjå opplysingar i din kjernejournal via www.helsenorge.no.


Eksempel på kritisk informasjon er:

  • Alvorlege allergiar eller overfølsomhetsreaksjoner (eksempelvis allergi mot penicillin eller tidlegare problem med narkose)
  • Implantatar (for eksempel shunt i sentralnervesystemet eller pacemaker)
  • Viktige behandlingar du får (eksempelvis dialyse eller cellegift)
  • Sjeldne, alvorlege tilstandar (for eksempel blødersjukdom, binyrebarksvikt, immunsvikt eller enkelte stoffskiftesjukdommar) 
Om du har desse eller andre alvorlege allergiar eller sjukdommar, kan du be legen din registrera dette i kjernejournalen din neste gong du har time. Er du i tvil, kan du også snakka med legen din om dette.


Liste over kritiske tilstandar som bør registrerast i kjernejournal
Det er utarbeida ei oversikt (absoluttlista) over kva tilstandar som bør registrerast kjernejournal: 
 

Meir informasjon
For meir informasjon kan du ta kontakt med fastlegekontoret ditt eller ringja Helsforvaltninga (HELFO) sin brukarstøttetelefon 800 43 573.


Bruk av kjernejournal
Sjukehusa, legevaktene, fastlegane  og private spesialistar byrja å bruka kjernejournal våren 2015. Helsepersonellet vil nytta kjernejournalen i samband med behandling av pasientar.


Følgjande kommunar fekk kjernejournal 01.03.2015:

Hordaland:
Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Fjell, Fusa, Granvin, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Odda, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Stord, Sund, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden.

Rogaland:
Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord.

Sogn og Fjordane: 
Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal. 
 


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.09.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Vakttelefonar (1)
Brosjyrar o.l. (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering