Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Hovudopptak barnehageplass 2017-18 Samnanger kommune

Frå 7. august 2017 er det ledige plassar i barnehagane i Samnanger kommune. Søknadsfrist er 01.03.2017. 


Me tilbyr plassar i dei to kommunale barnehagane :

Vassloppa barnehage (0-6 år), 
Reistadliane 37, 5652 Årland. Tlf 56587580/81.

Dråpeslottet barnehage (0-6 år),
Nesjavegen 10, 5650 Tysse. Tlf 56589710/16.


Privat barnehage:
Aadland gards og friluftsbarnehage (2-6 år).
Samnangervegen 404, 5652 Årland. Tlf 91861941 / 97046298.


Me har samordna opptak .

Me kan tilby plass 2, 3, 4, og 5 dagar i veka.

Dersom du søkjer og får plass i ny barnehage, mister du plassen du hadde i den ”gamle” barnehagen.


Lovfesta rett til barnehageplass
Ved hovudopptaket gjeld lovfesta rett til barnehageplass. Retten gjeld for barn mellom eitt og fem år.

Det tyder at :
• dei yngste barna er fylt eitt år innan utgongen av oktober/november 2017*
• det er søkt barnehageplass innan 01. mars 2017
• det er ønskje om plass innan 31.10.2017 (30.11.2017)*

 

*Det er mogleg at lovfesta rett til barnehageplass vert utvida til å gjelde barn fødd i november 2016  = barn som fyller 1 år innan utgangen av november 2017( forslag frå regjeringa med høyringsfrist i slutten av februar)



Diverse informasjon
Opningstida i barnehagane er frå kl. 07.00 til kl 16.30
Nærare opplysningar får du ved den einskilde barnehage.
Barn som har plass, treng ikkje søkja for å halda på plassen.
Dersom det er ønskje om å endra tilbod, eller de står på venteliste våren 2017, må ny søknad sendast.

 

Elektronisk søknadsskjema finn ein på Samnanger kommune si heimeside.

 

Send søknad til (helst elektronisk):

Samnanger kommune

Tyssevegen 217

5650 Tysse


Søknadsfrist: 01.03.2016

 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 13.02.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteskildringar (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering