Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Høyring - forskrift om oppmålingsarbeid om vinteren

Framlegg til forskrift om oppmålingsarbeid om vinteren er lagt ut til høyring, med høyringsfrist 10.09.2012.

Samnanger kommunestyre har utarbeidd framlegg til forskrift om oppmålingsarbeid om vinteren. Jmf. matrikkelforskrifta § 18 (3). Forskrifta vert no lagt ut til høyring. Dei som har merknader må melda dei skriftleg til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse eller på e-post til adm@samnanger.kommune.no innan 10.09.2012.


Forskriftstekst:

VINTERFORSKRIFTEN §18
MATRIKKELFORSKRIFTA
Forskrifta gjeld unntak for tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning (jf. Matrikkellova §6) i Samnanger kommune.

§1
Føremålet med forskrifta er å utsetja fristen av fullføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret der snøtilhøva gjer det praktisk umogleg å merkja og måla i høve til standarden.

§2
Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretninga.
Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd løper ikkje i perioden 15.10 - 01.05.

§3
Denne forskrifta trer i kraft same dato som den vert kunngjort i Norsk Lovtidend.


Fastsett av Samnanger kommunestyre 20.06.2012 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eigedomsregistrering (matrikkelforskrifta) § 18 tredje ledd.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering