Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Nye byggjereglar frå 01.07.2015

01.07.2015 vert det innført forenkla byggjereglar i Noreg. Her finn du informasjon om dei nye reglane. 


Føremålet med dei nye byggjereglane er at det skal verta enklare å utføra mindre byggjetiltak på eigen eigedom utan å måtte søkja.

Forenklinga gir deg som skal byggja meir friheit, men du får òg eit større ansvar. 

Du må passa på at det du ønskjer å byggja er i tråd med lovverket, kommuneplanen og gjeldande reguleringsplan for området. Du må òg sjekka at tilbygget eller nybygget ditt ikkje stengjer for vass- eller avløpsleidningar under jorda. 


Informasjon frå Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for byggkvalitet har laga ei informasjonsside om det nye regelverket. Lenke til informasjonssida finn du nedanfor. Skal du byggja og treng rettleiing, rår me deg til å følgja vegvisaren "bygg uten å søke" på denne sida. Vegvisaren hjelper deg med å
finna ut om du slepp å søkja om å få byggja, eller om du må senda byggesøknad til kommunen. 

 




Diverse informasjon vedrørande dei nye byggjereglane

  • Hugs å sjekka gjeldande reglar for eigedomen. Planføremål og føresegner kan setja begrensingar for kva som kan oppførast/byggjast. Det kan vera regulerte byggjegrenser, føresegner om utnyttingsgrad osv. som det er viktig å vera merksam på. Gjeldande planar kan du få ved å venda deg til teknisk eining på kommunehuset (tlf. 56 58 74 40 / 56 58 74 00). 
  • Ver merksam på at dei fleste tiltak framleis vil vera søknadspliktige når det gjeld hytteeigedomar og innanfor 100-metersbeltet i strandsona, samt i bevaringsområde.
  • Når det gjeld oppføring av frittliggjande bygningar inntil 50 m2 og tilbygg inntil 15 m2, skal tiltakshavar informera kommunen om plasseringa av bygningen/tilbygget når det er ferdigstilt, slik at plasseringa kan førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag. Det må leverast teikning/kart, der plasseringa, lengda/breidda og høgda på tiltaket framgår.
     
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 13.08.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Hovudside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering