Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Pass på, no vert tusen julelys tent!

I perioden 2000 til 2015 var det 3 988 bygningsbrannar og 66 branndøde i Hordaland. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 439 brannar, og desember med 425. Til no i år har tre personar omkome i brann i Hordaland.

 

Det er i stor grad personar som høyrer til risikoutsette grupper som omkjem i brann. Særleg gjeld dette eldre menneske, og alle er ikkje i stand til å ivareta eigen branntryggleik.

- Ta ein tur til din nærmaste familie og sjekk om dei har røykvarslarar som fungerer, og om dei har behov for ein komfyrvakt. Innsatsen din kan vere med på å redde liv, seier informasjonsleder Trine S. Sommerlade i Bergen brannvesen.

 
Cirka 40 000 husstandar over heile landet får 6. - 8. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden. I år som i fjor er aksjonen eit samarbeid med heimetenesta i Samarbeid kommune. I tillegg vert det foredrag for eldre og for innvandrarar.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier informasjonsleder Trine S. Sommerlade.


I vintermånadene og ikkje mist i romjulsveka er det mange fleire brannar enn elles i året.
- Den auka brannhyppigheita i jula har samanheng med stor aktivitet i dei tusen heimar, med auka bruk av elektrisitet, matlaging, levande lys og peiskos, i mange tilfelle i kombinasjon med alkoholbruk, seier informasjonsleder Trine S. Sommerlade.


Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg. Nytt av året er at du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengt.

– Bustadbrannar som tek liv skjer som regel om natta, og halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader der røykvarslaren ikkje fungerer. Du bør gjere det til ein vane jamleg å sjekke om røykvarslaren fungerer, gjerne ein gong om månaden, seier informasjonsleder Trine S. Sommerlade.
 

For å setje søkelyset på branntryggleik i heimen, arrangerast kampanjen Aksjon bustadbrann i desember. Aksjon bustadbrann er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing på brannførebyggjande arbeid. DSB, Norsk brannvernforeining og Gjensidige står bak kampanjen, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsynet og lokale Gjensidige-kontor står for den praktiske gjennomføringa.

 

På sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om komfyrvakt og andre tiltak som betrar branntryggleiken. Følg også Aksjon bustadbrann på Facebook.

 

Kontaktpersonar lokalt:

Trine S. Sommerlade, informasjonsleder i Bergen brannvesen, mobil 945 07 875

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 06.12.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering