Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Regionalt næringsfond - Utlysing av midlar 2013

Bjørnefjorden Næringsutvikling - Klikk for stort bilete

(Søknadsfrist 11.11.2013). Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling midlar til regionalt næringsfond for 2013. Det er no høve for kommunane i regionen, regionale/interkommunale organ, bedrifter, lag og organisasjonar til å søkja om tilskot.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 11.11.2013

Intensjonen med midlane er å få til regional utvikling. Det er derfor tiltak som er med å utvikla regionen vår som vert prioriterte. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift. Det vert elles vist til Regionalt utviklingsprogram for Hordaland, prioriterte næringar og til tildelingsbrev frå fylkeskommunen.

Frå 2013 skal alle søknadane sendast digitalt på www.regionalforvaltning.no. Dersom du har organisasjonsnummer skal du registrera deg som organisasjon. Dersom ikkje skal du registrera deg som privat.

Søknadsfristen er 11.11.2013 med tildeling i desember.

Ta gjerne kontakt med næringsansvarleg i kommunen din eller rådmannen i Samnanger kommune (tlf 56587400) dersom det er spørsmål.

  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering