Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Sentrale bygdeutviklingsmidlar 2015

Frist for søknad om sentrale BU-midlar er 01.06.2015. Ordninga vert forvalta av landbruks- og matdepartementet. 

 


Ordninga med BU-midlar skal medverka til næringsutvikling i landbruket, og til omdømmebygging av norsk landbruk og mat. Dette omfattar både utvikling av det tradisjonelle landbruket og av bygdenæringar. For 2015 kunngjer departementet 5,5 millionar kroner i BU-midlar. 

Departementet opplyser at følgjande typar prosjekt vil verta prioritert: 

  • Prosjekt som medverkar til økt utnytting av utmarksressursar og innlandsfiske. 
  • Prosjekt som medverkar til betre ressursutnytting i matkjeda. 
  • Prosjekt som medverkar til rekruttering til landbruket. 


Kven kan søkja?
Føretak, enkeltaktørar og/elller organisasjonar som kan visa til gjennomføringsevne og har konkrete planar for prosjekt som kan medverka til å oppnå målet med BU-ordninga, kan søkja. Fleire aktørar kan samarbeida om ein felles prosjektsøknad. Søknader skal sendast til landbruks- og matdepartementet. 


Meir informasjon
Meir informasjon og fullstendig kunngjering finn du på regjeringa sine nettsider: 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 24.04.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering