Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Slik får du ei branntrygg jul

Desember er ein av månadane med flest brannar. Les brannvesenet sine råd for ei branntrygg advents- og juletid.  

Advent er tida for god mat, levande lys og peiskos. Her ligg dessverre også nokon av dei vanlegaste brannårsakene i desember. Nedanfor kan du lesa brannvesenet sine råd for ei branntrygg advents- og juletid.

 


Røykvarslar og sløkkjeutstyr
Om det skulle oppstå ein brann er det svært viktig at du har fungerande røykvarslarar og sløkkjeutstyr som du klarar å bruke.


Komfyren

  • Ver alltid i nærleiken av kjøkkenet når komfyren er på.
  • Ved frittering er det lurt å ha eit lokk ved sidan av gryta, i tilfelle en brann skulle oppstå. Ikkje bruk vatn!
  • Reingjer ventilatoren jamnleg
  • Som tilleggsutstyr er det lurt å ha eit brannteppe eller ein sløkkjespray tilgjengeleg på kjøkkenet.
     

Levande lys

  • Plasser aldri tente lys nær brennbart materiale.
  • Unngå bruk av brennbare lysestakar, lysmansjettar og lys i dekorasjonar
  • Forlat aldri eit rom der levande lys står og brenn.
  • Sett aldri levande lys i vindaugskarmen når vindauget er ope.
  • Plasser alltid telys på noko som tåler høg temperatur.


Juletrelys

  • Sjekk i god tid at juletrelysa og juledekorasjonane verkar som dei skal.
  • Bruk elektriske juletrelys med tidsbrytar eller trekk ut støpselet om natta og når du forlèt huset.
     

Eldstad

  • Fyr med tørr ved og riktig trekk.
  • Fyr med riktig brensel, les bruksanvisninga til eldstaden.
  • Fyring med oljeholdig peiskubbe i lukka vedomn kan skade eldstaden.
  • Ikkje fyr med trykkimpregnert materiale.
  • Bruk aldri brennbare væsker ved fyring i vedomn.
  • Ha oska i ubrennbar behaldar.
     

Biopeisar

  • Les bruksanvisninga til produktet.
  • Fyll aldri på ny væske før produktet er heilt kaldt.
     


12 gode råd:

  1. Sjekk røykvarslarane ein gong i månaden og kvar gong du kjem heim frå reise.
  2. Gjer det til ein vane å byte batteri 1. desember eller når det trengs.
  3. Røykvarslaren bør bytast ut etter 10 år.
  4. Sjekk sløkkjeutstyret. Det er krav om ettersyn og vedlikehald av handsløkkjeapparat.
  5. Ikkje sett varmekjelder nær brennbart materiale.
  6. Ha brannøving heime. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du betre førebudd om det tek til å brenne.
  7. Bruk aldri vaskemaskin eller tørketrommel når du søv eller forlèt huset.
  8. Rens lofilteret kvar gong du har brukt tørketrommelen.
  9. Ver vaken når du ladar mobiltelefonen og anna elektrisk utstyr. Ta ut støpselet når du er ferdig å lade.
  10. Sjekk bustaden før sengetid.
  11. Røyk aldri på senga eller i sofaen
  12. Ikkje kast oske direkte i bosset.
     


Brannvesenet ynskjer alle ei branntrygg advents- og juletid!

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.12.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (2)
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering