Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Slik får du ei branntrygg jul


Jul og nyttår er tida for god mat, levande lys og peiskos. Her ligg dessverre også nokon av dei vanlegaste brannårsakene i desember. Sjå brannvesenet sine råd for ei branntrygg julefeiring. 


Røykvarslar og sløkkjeutstyr
Om det skulle oppstå ein brann er det svært viktig at du har fungerande røykvarslarar og sløkkjeutstyr som du klarar å bruke.


Komfyren

  • Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Tørrkoking og overoppheting er den vanlegaste enkeltårsaka til bustadbrann. Har du ein komfyrvakt blir staumen automatisk kutta dersom det oppstår ein brannfarleg situasjon på komfyren. 
  • Ved frittering er det lurt å ha eit lokk ved sidan av gryta, i tilfelle en brann skulle oppstå. Ikkje bruk vatn!
  • Reingjer filteret i kjøkkenvifta jamnleg. Filter som er tette av feitt og gamalt smuss tek raskare fyr og gjer det lettare for flammane å spreie seg.  
  • Som tilleggsutstyr er det lurt å ha eit brannteppe eller ein sløkkjespray tilgjengeleg på kjøkkenet. 

Levande lys
  • Plasser aldri tente lys nær brennbart materiale.
  • Unngå bruk av brennbare lysestakar, lysmansjettar og lys i dekorasjonar med mose, kvistar, kongler og andre tørre naturmateriale.
  • Forlat aldri eit rom der levande lys står og brenn.
  • Sett aldri levande lys i vindaugskarmen når vindauget er ope.
  • Plasser alltid telys på noko som tåler høg temperatur.

Julelys 
  • Sjekk i god tid at julelysa verkar som dei skal.
  • Følg alltid bruksanvisninga for lysa, og bruk dei berre til det dei er berekna for. Lys som skal brukast utandørs må vere spesielt eigna for dette. 
  • Bruk elektriske juletrelys med tidsbrytar eller trekk ut støpselet om natta og når du forlèt   huset.

Eldstad
  • Fyr med tørr ved og riktig trekk.
  • Fyr med riktig brensel, les bruksanvisninga til eldstaden. 
  • Fyring med oljeholdig peiskubbe i lukka vedomn kan skade eldstaden.
  • Ikkje fyr med trykkimpregnert materiale.
  • Bruk aldri brennbare væsker ved fyring i vedomn. 
  • Ha oska i ubrennbar behaldar.

Biopeisar
  • Les bruksanvisninga til produktet.
  • Fyll aldri på ny væske før produktet er heilt kaldt. 


Og om du ikkje er ferdig med julegåvene heilt ennå – kvifor ikkje ikkje kjøpe ein ekstra røykvarslar eller eit brannteppe? Eit anna tips kan vere branntrygge elektriske stearinlys eller telys.

Brannvesenet ynskjer alle ei branntrygg advents- og juletid! 
 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.12.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering