Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Utlåntoppen 2016

Utlåntoppen 2016 - Klikk for stort bilete  i Samnanger folkebibliotek

Utlåntoppen 2016 - Klikk for stort bilete Det mest utlånte materiellet i biblioteket i Samnanger i 2016:

 

Som de ser er det Elena Ferrante som dominerer vaksenlånarane i 2016. Artig at ei bok som opprinneleg kom ut i 1946 ligg på 4.plass. 11. plass er tatt med sidan det var fyrst der me fann ein krim. Det er eigentleg bra utlån av krim, men ingen som vert såpass mykje utlånt at dei slår inn i toppstatistikken.

 

For dei yngste er det evigunge Karsten & Petra av Tor Åge Bringsværd som toppar lista. Boka er mykje utlånt både til private og til barnehagane. For dei litt eldre borna er det seriane Dustedagboka og En pingles dagbok som ruler. Desse bøkene er lette å lesa og humoristiske. Biblioteket har masse, masse gode barne- og ungdomsbøker som ikkje når opp på topplista. Ungdomar er så godt som fråverande i Samnanger bibliotek, dette er me heilt sikre på skal endra seg når me kjem i nye, trivelege og sentrale lokale på Bjørkheim.

 

DVD: Film til vaksne vert svært lite etterspurd. Borna låner litt enno, mest Disneyfilmar og Karsten & Petra.

 

Lydbøker: I 2016 vart det slutt på utlån av Digikort fordi dei ikkje lengre vert produserte. Lydbøker på CD har me bra utlån av, men her er heller ikkje nokon enkelttitlar som kjem opp i topp-plassering.

 

 

Utlåntoppen 2016

 

Born:

1) Karsten og Petras på biblioteket (Bringsværd)

 

2) Nedtegnelser frå en perfekt hundepasser- NOT (R. Russell)

 

3) En pingles dagbok 10; Gode, gamle dager (J.Kinney)

 

4) Guinness world records 2016

 

5) Dustedagboka 9&10. på CD (R.Russell)

 

 

Vaksne:

1) Dei som flyktar og dei som blir (E. Ferrante bok 3)

 

2) Mi briljante venninne (E.Ferrante bok 1)

 

3) Fredsrus (Bok 79 i serien Sønnavind av Frid Ingulstad)

 

4) Hvetekornet (Thiongo Ngugi Wa)

 

5) Det vokser et tre i Brooklyn (Betty Smith, boka kom opprinnelig i 1946!!!)

 

6) Den ene pluss en (Jojo Moyes, forfattaren av Etter deg, var veldig populær i 2015)

 

7) Historia om det nye namnet (E.Ferrante bok 2)

 

8) Engletreet (L.Riley)

 

9) Huset på stranden (Sarah Jio)

 

10) Frost i Mai (Sarah Jio)

 

11) …. Og fyrst på 11. plass finn me ein krim: Offline, av Anne Holt

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 12.01.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering