Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar

Utsending av faktura for private septiktankar/slamavskiljarar

Kommunen har frå og med 2015 innført nye rutinar for fakturering av tømming av private septiktankar/slamavskiljarar.    

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.01.2015


Fakturering av tømming av private septiktankar/slamavskiljarar vert no i hovudsak gjort etter same rutinar som fakturering av kommunale slamavskiljarar (med fakturering ein gong per kvartal). Administrasjonsgebyret på 50 kroner som kommunen hadde tidlegare, er no teke vekk. 


Private septiktankar/slamavskiljarar som vert tømde annakvart år:
For private septiktankar/slamavskiljarar som vert tømde annakvart år, vil kommunen frå og med 2015 senda ut ein faktura per kvartal. Det vil seia at betalinga for tømming, som skjer annakvart år, vert fordelt på åtte kvartal. Første faktura for 2015 vart sendt ut 22.01.2015.  


Private septiktankar/slamavskiljarar som vert tømde kvart fjerde år:
For private septiktankar/slamavskiljarar som vert tømde kvart fjerde år, vil kommunen frå og med 2015 senda ut ein faktura per år. Det vil seia at betalinga for tømming, som skjer kvart fjerde år, vert fordelt på fire år. Den årlege fakturaen vil verta sendt ut i oktober.  


Reglar om kor ofte septiktankar/slamavskiljarar skal tømmast:
Forskrift om begrensning av forurensning § 12-13 (forurensningsforskriften), andre ledd, siste setning: 
"Slamavskillere tilknyttet helårsbolig eller fritidsbolig skal tømmes helt for slam etter behov, ikkje sjeldnere enn henholdvsis hvert andre og fjerde år". 

  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering