Overføring av kommunestyremøte på internett

I valperioden 2015 - 2019 vert kommunestyremøta i Samnanger overført direkte på internett (Youtube).

I tillegg vert det lagt ut opptak etter møta. Opptaka vil vera tilgjengelege i eitt år etter møtedatoen. 

På grunn av tekniske problem er det dessverre ikkje lagt ut opptak av følgjande to kommunestyremøte; 13.12.2017 og 22.02.2018. 

Kommunestyremøtet 14.10.2015 var det første som vart overført på internett. 

 

Opptak frå møte i kommunestyret:

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.09.2018