Fram til oktober 2011 hadde Samnanger kommune eit Personal og økonomiutval, som òg var formannskap i kommunen. Utvalet hadde fem medlemmer og behandla mellom anna saker av prinsipiell og politisk karakter innanfor fagfeltet personal og økonomi.
Kommunestyret vedtok 20.10.2011 å endra namnet frå Personal og økonomiutvalet til Formannskapet. I tillegg vart det vedteke å auka talet på medlemmer frå fem til sju. Kommunestyret vedtok 21.10.2015 å utvida talet på medlemmer i formannskapet frå sju til ni.