Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet skal ha 5 medlemmar, der minst 2 medlemmer er valde frå kommunestyret sine faste representantar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval. Utvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval. 


Medlemmer og varamedlemmer i kontrollutvalet
 

Reglement for kontrollutvalet i Samnanger kommune 


Oppgåver for kontrollutvalet
Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne.

Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Samnanger kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Samnanger kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Samnanger kan sendast til kontrollutvalet@hfk.no

Kontrollutvalet har normalt 5 - 6 ordinære møter i året. Møtedatoar er oppgjeve på kommunen sin møtekalendar. Møta i kontrollutvalet er opne møter. Innkallingar til møte med saker og vedlegg, samt møteprotokollar, er å finna på kommunen si heimeside.

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.01.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Artikkel (1)
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering