Samnanger ungdomsråd skal fremma barn og unge sine interesser og tala deira sak i Samnanger kommune.
Medlemmene i ungdomsrådet vert valde for 2 år av gangen. Ungdomsrådet skal ha seks representantar frå aldersgruppa ungdomsskule/vidaregåande skule. I tillegg er kulturarbeidar medlem med møte og talerett.
Ungdomsrådet vel sjølv leiar og nestleiar for valperioden.
Ungdomsrådet skal ha 3 møte i halvåret og medlemmene får ei møtegodtgjersle på kr. 400 pr. møte.