Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Val 2013

Stortings- og sametingsvalet 2013

Her finn du informasjon om stortings- og sametingsvalet 2013. Valdagen var måndag 09.09.2013.



Innhald:



Røystestader og opningstider på valdagen måndag 09.09.2013

Valkrins nr.      Namn   Røystestad Opningstid på valdagen
 01        Rolvsvåg       Rolvsvåg 
grendahus
15.00 - 20.00
 02    Nordbygda Nordbygda
grenadhus
10.00 - 20.00 
 03     Steinsland  Nesodden bedehus  10.00 - 20.00 
 04 Tveit  Tveit ungdomshus  15.00 - 20.00 
 05 Frøland  Antons
kulturh. senter 
15.00 - 20.00 
 06 Sandvik  Sandvik 
grendahus 
15.00 - 20.00 
 07 Tysse  Samnanger 
ungdomsskule (NB - endring frå førre val!)
10.00 - 21.00

På valkortet er det informasjon om kva røystestad den enkelte veljar skal nytta. Hugs legitimasjon og ta gjerne med valkortet (men du treng ikkje valkortet for å røysta). Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimera seg. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.   


Står du i manntalet?
Du må stå i manntalet dersom du vil røysta ved stortings- og fylkestingsvalet. Frå og med 18.07.2013 til og med valdagen 09.09.2013 er manntalet lagt ut på følgjande stader:

  • K. Knutsen A/S (Spar-butikken) på Tysse

  • Kiwi Bjørkheim

  • Kommunehuset på Tysse

Alle som står i samemantalet vert tilskrivne med informasjon om førehandsrøysing.

Dersom du har flytta etter 30.06.2013, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil førehandsrøysta på kommunehuset eller røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå.

Det er mogeleg å tidlegrøysta frå 01.07.2013 i ekspedisjonen på kommunehuset. Det vert vanleg førehandsrøysting på kommunehuset frå 12.08.2013 til 06.09.2013.

Står du ikkje i manntalet, kan du klaga – ref. vallova §2-7 ”krav om retting”. Oppdatering: Den som meinar at vedkomande sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Valstyret kan oppdatera manntalet så lenge det er ”praktisk mogeleg”.

Krav om retting må sendast til: Samnanger valstyre, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.


Tidlegrøysting
Det vert høve til tidlegrøysing i kommunehuset i perioden 01.07 - 09.08.2013. Det vil ikkje liggja føre ordinære røystesetlar før til den ordinære førehandsrøystinga. Ved tidlegrøysting vert det nytta ein røystesetel der den som røyster set kryss for det partiet som han vil røysta på.


Førehandsrøysting på kommunehuset
Det er høve til å førehandsrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset i opningstida mellom kl. 08.30 og 15.00 fram til 06.09.2013.   

I tillegg vert det høve til å førehandsrøysta på kommunehuset som følgjer:

  • På kveldstid torsdag 29.08 og 05.09.2013, begge dagar kl. 18.00 - 20.00.

  • Laurdag 31.08.2013 kl. 10.00 - 14.00.  


Førehandsrøysting på Samnangerheimen
Førehandsrøysting på Samnangerheimen torsdag 29.08.2013 mellom kl. 10.30 og 13.00. Primært for brukarar av tenester i pleie og omsorg må gjerne nytta seg av dette tilbodet.


Heimerøysting
Det vert høve til å førehandsrøysta i heimen for dei som ikkje kan koma til røystelokale eller til ordinær førehandsrøysting. Det må setjast fram spørsmål/søknad om dette til Samnanger kommune tlf. 56587400 innan 27.08.2013. Eining for pleie og omsorg kan også kontaktast om dette.


Valkort
Det vert sendt ut valkort til alle veljarane. Valkortet bør takast med når du kjem for å røysta, det lettar arbeidet for røystemottakar. Det er likevel ikkje noko krav at du har med valkortet når du skal røysta.

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.   


Møteprotokollar frå valstyret
Møteprotokollar og sakspapir frå valstyret finn du her.


Offisielle vallister for Hordaland (Stortingsvalet)
På Hordaland fylkeskommune sine nettsider er dei offisielle vallistene for Hordaland til Stortingsvalet 2013 lagt ut. Listene finn du her.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Hovudside (1)
Kunngjeringar (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering