Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Nød- og vakttelefonar
Nød- og vakttelefonar

Mest vist

Legevakttelefon

Legevakta har same telefonnummer i heile Norge. Nummeret er 116117 (etthundreogseksten etthundreogsytten).

Du kan ringja 116117 for å koma i kontakt med den lokale legevakta, uansett kor i landet du ringer frå. Hugs at legevakt og medisinsk naudnummer skal nyttast i ulike situasjonar.

Telefonnummeret er gratis å ringa til frå både fasttelefon og mobil.

Legevakt skal berre nyttast til å dekka øyeblikkeleg hjelp som ikkje fastlegen din kan handtera. Naudnummeret 113 skal berre nyttast ved akutt fare for liv.

Det nye fellesnummeret 116117 vart mellom anna innført for at det skal vera lettare å kontakta legevakt når ein er på reise eller flyttar. Medan dei fleste veit at 113 er nummeret til medisinsk naudhjelp, kjenner berre eit fåtal nummeret til si lokale legevakt.
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.01.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenesteeining/avdeling (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering