HeimOm kommunenSlik er me organisert

Slik er me organisert

Politisk organisering

Kommunestyret

Kommunestyret er det øvste politske organet i kommunen,
Trykk her for informasjon om kommunestyret

Ordførar og varaordførar

Knut Harald Frøland (Bygdalista) er ordførar i Samnanger. Øyvind Røen (Senterpartiet) er varaordførar.
Trykk her for kontaktinformasjon til ordføraren og varaordføraren

Formannskapet, utval, råd og nemnder

Trykk her for informasjon om formannskapet, utval, råd og nemnder

Administrativt organisasjonskart

Administrativt organisasjonskart for Samnanger kommune. 

Trykk her for å opna administrativt organisasjonskart 

Rådmann

Ingebjørg Vamråk er rådmannn i Samnanger. Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen. 

Einingar

Kommunen er organisert i ni einingar, i tillegg til rådmann og stab/kommuneadministrasjon. Nedanfor følgjer kort informasjon om kvar eining.  


Innbyggarservice

I eining for innbyggarservice ligg servicesenteret, NAV Samnanger (kommunal del) og kulturavdelinga. Kulturskulen er ein del av kulturavdelinga. 

Meline Heimdal Haugland er einingsleiar. Ho har for tida permisjon, og i permisjonstida vikarierer Marianne Soleng som einigsleiar. 


Samfunnsutvikling

I eining for samfunnsutvikling ligg teknisk forvaltning, teknisk drift og brann og beredskap. Reinhald er ein del av teknisk drift. 

Hilde-Lill Våge er einingsleiar. 


Pleie og omsorg

I eining for pleie og omsorg ligg mellom anna sjukeheim, heimetenester, tenester for funksjonshemma, psykiatri og dagsenter. 

Janne Iren Drevsjø er einingsleiar. 


Helse

I eining for helse ligg legeteneste, helsestasjon, fysioterapiteneste, psykologteneste og jordmorteneste.

Kari Anne Tolås Boge er einingsleiar.  


Samnanger barneskule

Samnanger barneskule er den einaste barneskulen i kommunen.
Einingsleiar og rektor er Eli Kristin Berge.

Trykk her for meir informasjon om Samnanger barneskule


Samnanger ungdomsskule

Einingsleiar og rektor er Kurt Helge Pedersen.

Trykk her for meir informasjon om Samnanger ungdomsskule.


Dråpeslottet barnehage

Dråpeslottet barnehage har 4 avdelingar med barn i alderen 0-6 år.

  • 2 avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år
  • 2 avdelingar for barn i alderen 4 til 6 år

Kjersin V. Skulstad er einingsleiar.


Vassloppa barnehage

Vassloppa barnehage har 4 avdelingar med barn i alderen 0-6 år.

  • 2 avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år
  • 2 avdelingar for barn i alderen 4 til 6 år

Aud L. Solvang er einingsleiar.


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 20.10.2020