HeimOm kommunenTal og fakta om Samnanger

Tal og fakta om Samnanger

 Foto: Inge Aasgaard

Utsikt utover Samnangerfjorden. Foto: Inge Aasgaard

Kvar ligg Samnanger?

Sjå i kart 

Folketal

2504 (pr. 4. kvartal 2020). 

Kommunenummer

4623

Diverse informasjon om Samnanger

Geografi

Innanfor kommunen finn me mange landskapstypar, frå fjord til høgfjell, og med lier dominert av furuskog og lauvskog. Mellom dei store fjella er det tronge vassførande dalar og juv.

Sjå arealinformasjon på Kartverket sine nettsider.

Klima og hydrografi

Det regnar mykje i Samnanger. Tidlegare hadde Meteorologisk institutt ein målestasjon i Kvitingen, der normal årleg nedbørsmengd vart målt til om lag 3500 millimeter. I Trengereidfjorden vart det i 2015 ved ein privat målestasjon målt nedbørsmengd på om lag 4900 millimeter. Til samanlikning er normal årleg nedbørsmengd ved målestasjonen på Florida i Bergen om lag  2250 millimeter.

Den store Tysseelva som munnar ut i Samnangerfjorden drenerer eit landområde på 239 km2, størstedelen av dette nedbørsfeltet ligg i Samnanger. Eikedalselva som er varig verna mot kraftutbygging, utgjer den delen av Tyssevassdraget som kjem frå Kvamskogen.

Kommunikasjon

Kommunen grensar mot Bergen i vest, Vaksdal i nord, Bjørnafjorden i sør og Kvam i aust. Hovudvegen gjennom Samnanger er fylkesveg 49, som er den kortaste vegen mellom Bergen og Hardangerfjorden. 

Historikk

Kommunevåpenet har 6 vassdropar i gull på ei raud plate. Vatn har spelt ei stor rolle for utviklinga av Samnangerbygda opp gjennom tidene. Viktigast er skottehandelen på 1600-talet, A/S Samnanger Uldvarefabrik frå 1886 til brannen i mars 1931, kraftutbygginga i Samnanger-vassdraget frå 1910 og utover, og strømpefabrikken A/S SAFA, som vart grunnlagt i 1941.

Samningane eller 'sabningane' som det heiter på dialekten, har alltid vore vant med farande folk. Sentralt plassert mellom Hardangerregionen og Bergenshalvøya har det alltid vore gjennomgangstrafikk i bygda, sjølv om mykje av trafikken gjekk med båt. Den gamle garden Ulland midt i Samnanger ved Frøylandsvatnet var ein "husegard" der m.a. folk av høg rang "husa seg" når dei var på reise. Mange av fedriftene til Bergen gjekk gjennom Samnanger, drifta gjekk vanlegvis over Brekkedalen og til Bergen via Fana, eller over Gullfjellet og om Borgaskaret. Andre viktige sleper/stiar var over Kikedalen til Hålandsdalen, Altaseterdalen til Holmefjord, Bogaskaret til Vaksdal, Trengereiddalen til Trengereid og vegen over Kvamskogen via Liaros og Eikedalen til Norheimsund.

Den første offentlege vegen som vart bygd i Samnanger gjekk frå Hellenaustet til kyrkja på Ådland, den såkalla "Prestavegen". Denne vart bygd fordi presten skulle komma fram når det var utrygg is på fjorden. Turstien til Kvernes følgjer i all hovudsak traseen til den gamle Prestavegen.

Informasjonsbrosjyre om Samnanger 

I samarbeid med næringslivet i kommunen vart det hausten 2017 laga ein informasjonsbrosjyre om Samnanger.

I brosjyren finn du diverse informasjon om Samnanger og mange bilde.
(klikk nedst i høgre hjørne for å opne brosjyren i fullskjermformat

 

Informasjon om Samnanger på Statistisk sentralbyrå (SSB) sine nettsider

På SSB sine nettsider finn du diverse informasjon/kommunefakta om Samnanger. 


Sist oppdatert: 09.03.2021
Publisert: 13.02.2021