Temasider og høyringar om aktuelle saker i Samnanger

Her finn du:

  • temasider om saker som for tida er spesielt aktuelle i Samnanger kommune.
  • informasjon om saker/planar i kommunen som er lagt ut på høyring
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.11.2010
Temasider og høyringar
Publisert 03.07.2017
KP

Frist for merknadar var 30. juni 2017

Publisert 03.07.2017

Med heimel i plan- og bygningslova §§ 11-12, 14 var Samnanger kommune sin TS-plan (2017-2021) lagt ut til offentleg ettersyn frå 15. mai - 30. juni 2017. Plandokumenta var å finna på kommunen si heimeside (sjå lenke under) samt i ekspedisjonen på kommunehuset.

Publisert 05.01.2017
Reguleringsendring Bjørkheim

Reguleringsendring for områdereguleringsplan Bjørkheim, planID1242201001
vart vedteken i kommunestyret 15.12.2016.

Publisert 07.03.2016

Sak om kommunale vegar vart handsama av kommunestyret 03.03.2016. Saksdokumenta kan lastast ned her på kommunen sine nettsider.  

Publisert 21.11.2014

Samnanger kommune hadde til og med 2014 berre eigedomsskatt på såkalla "verk og bruk". Frå og med 2015 er det også innført eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar.

På sidene nedanfor vil du finna informasjon om innføringa av eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar.

Du kan også ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om eigedomsskatt:



(Klikk her dersom du ikkje får opp oversikta over artiklar om eigedomsskatt nedanfor.) 

Publisert 07.08.2014
 
Publisert 22.05.2014

Samnanger kommunestyre gjorde 7.5.14 prinsippvedtak om bruk av utbyggingsavtalar. Plan- og bygningslova § 17-2 heimlar bruk av utbyggingsavtalar for gjennomføring av planvedtak.

 

Publisert 28.09.2012

Onsdag 26.09.2012 var det folkemøte på Tysse om North Connect-prosjektet. Lysarka frå møtet er no lagt ut på kommunen sine nettsider.

Publisert 09.03.2012

Styresmaktene har vedteke at det skal byggjast 420 kV kraftleidning mellom Sima og Samnanger. På denne sida vert det lagt ut informasjon knytt til denne saka.

Publisert 09.02.2012

(Denne sida vert ikkje oppdatert etter 2013. Sjå ny informasjonsside om utbygging av Samnangerheimen for oppdatert informasjon).

Samnanger kommunestyre vedtok 04.11.2010 at den eldste delen av Samnangerheimen på Haga skal rivast og erstattast med nybygg same stad. Den eldste delen av Samnangerheimen vart bygd på 1950-talet og vart påbygd på 1970-talet.  

Den nyaste delen av Samnangerheimen skal behaldast. Denne delen vart teken i bruk på 1990-talet.

Det er førebels ikkje endeleg bestemt korleis sjukeheimsdrifta skal vera i byggeperioden.   

Forventa brutto kostnad (investeringramme) for prosjektet er 100 millionar kroner.

Publisert 14.09.2011
Her vert det lagt ut informasjon om kommune- og fylkestingsvalet 2011. Valdagen var måndag 12.09.2011.
Publisert 11.02.2011
Informasjonsplakat utbygging Ytre Tysse

Ytre Tysse skal "rustast opp", med miljøgate, ny kai og eit lite parkanlegg ("tusenårspark"). I tillegg skal det kommunale vass- og kloakkanlegget på Ytre Tysse utbetrast.