Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Bygging av ny veg på strekninga Straumen - Gaupholm

Det skal i perioden januar 2013 - 2015 byggjast ny veg på strekninga Straumen - Gaupholm. Her finn du diverse informasjon om utbygginga.  

SMS-varsling om stenging av vegen mellom Sætervika og Gaupholm
Vegen mellom Sætervika og Gaupholm kan bli stengd i korte periodar (normalt opp til ein halv time) i anleggsperioden.

Statens Vegvesen tilbyr SMS-varsling til dei som vil ha melding når vegen vert stengt. Send kodeord Tysse48 til telefonnummer 1963 for å melda deg på.


Informasjon frå Statens vegvesen til innbyggjarar i Samnanger (januar 2013)
Statens vegvesen har utarbeidd eit informasjonark med diverse informasjon om vegutbygginga. Dette vil verta delt ut til alle husstandar i kommunen. Informasjonsarket kan også lastast ned nedanfor.



Varsel om vegstenging på strekninga Straumen - avkøyrsla til ungdomsskulen 28.01.2013 - april 2014
Fylkesveg 48 vert stengt på strekninga Straumen - avkøyrsla til ungdomsskulen/Tyssereinane i perioden 28.01.2013 - april 2014. Omkøyring via Indre Tysse.  



Presentasjon frå folkemøte på Tysse 16.01.2012
Onsdag 16.01.2013 arrangerte Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune informasjonsmøte om ny tunnel bak Tysse.

Presentasjonen/lysarka som vart vist på møtet kan lastast ned nedanfor.  



Fastsetting av namn - tunell bak Tysse
Statens vegvesen har starta namnsak for tunellen som skal byggjast på fylkesveg 48 mellom Gaupholm og Straumsbrua. Frist for å koma med fråsegn er 17.03.2013.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering