I samsvar med Plan og bygningsloven §§ 3-7, 11-1, 11-12 og 11-13 varslar Statens vegvesen med dette om oppstart av arbeid med kommunedelplan for fylkesveg 7 forbi Tokagjelet i Kvam herad.
Samstundes vert det også varsla om at forslag til planprogram er lagt ut til offentleg ettersyn. Forslag til planprogram fi nn ein på: www.vegvesen.no/fylkesveg/fv7tokagjelet.
Dagens veg gjennom Tokagjelet er svært skredutsett og det skal byggast ein ny veg i tunnel for å løyse skredproblematikken. Gjennom kommunedel- planen skal traséen til denne tunnelen avgjerast.
Statens vegvesen gjennomfører planarbeidet etter bestilling frå Hordaland fylkeskommune, som er vegeigar. Planlegginga skjer i samråd med Kvam herad og Samnanger kommune som er planmyndigheiter.
Det vert arrangert ope informasjonsmøte om planoppstarten og forslag til planprogram
torsdag 7. juni, kl. 17:30, på Thon Hotel Sandven i Norheimsund.
Dersom ein har innspel til planoppstarten og/eller forslag til planprogram skal desse sendast Statens vegvesen Region vest, seinast fredag 22. juni.
Bruk e-post: fi rmapost-vest@vegvesen.no
Eller post: Postboks 43, 6861 Leikanger
og syn til saksnummer 17/52750.