Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Høyring - kommunedelplan for små vasskraftverk

Planprogram for kommunedelplan for små vasskraftverk ligg ute til høyring i perioden 16.06 - 15.08.2011.

Utnytting av vasskraft har historisk vore og er framleis viktig i Samnanger.  Fleire aktørar har meldt interesse for å byggja ut små vasskraftverk, og konsesjonssøknader ligg på vent hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Kommunen ser no eit behov for å setja lys på status og verdiar i kommunen sine vassdrag for å sikra at utviklinga skjer i område med minst konflikt, og for å kunne peika på område som kan byggjast ut under særskilte vilkår. Gjennom ei heilskapleg og balansert forvaltning av vasskraftressursane vil kommunen sikra naturmangfald, friluftsliv, kulturmiljø og andre verdiar.

Målet med kommunedelplan for småkraftverk er:

Kommunen vil vera ein pådrivar for utvikling av fornybar energi og vil gjennom ei heilskapleg og balansert forvaltning av vasskraftressursane sikra naturmangfald, friluftsliv, kulturmiljø og andre verdiar.
 


Planprogrammet ligg ute til høyring i perioden 16.06 – 15.08.2011.

Merknader skal sendast Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse eller på e-post til adm@samnanger.kommune.no


Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.06.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering