Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Høyring - Oppgåver, etablering og økonomiske konsekversar for ein frivilligsentral i Samnanger

I eldrerådsmøte den 9.4.2013 handsama Eldrerådet sak 004/13 ”Oppgåver, etablering og økonomiske konsekvensar for ein frivilligsentral i Samnanger”. I handsaminga av saka vart det vedteke å sende saka ut på høyring til lag og organisasjonar i Samnanger.

I saka er det greia ut om dei mål og ynskjer Samanger kommune har skildra i gjeldane planar kor ein frivilligsentral kan bidra, men det er ikkje greia ut kva for nokre behov organisasjonslivet i Samnanger har. I dykkar fråsegn ber me dykk om å kommentera desse spørsmåla:

  • Er det interesse for å skipa frivilligsentral i Samnanger?
  • Er oppgåvene som er lista opp i saksutgreiinga saker som ein frivilligsentral bør arbeida med?
  • Bør det leggjast andre oppgåver til ein frivilligsentral?
  • Vil eller kan dykkar lag gjera ein innsats gjennom ein frivilligsentral?
  • Har de andre synspunkt og moment de meiner bør vera med?

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med leiar i eldrerådet Brigt Olav Gåsdal på bo-gaa@online.no eller kultursjef Arnved Soldal Lund på arnved.soldal.lund@samnanger.kommune.no eller 56 58 74 09. Det er òg høve til at leiar for eldrerådet kan stille i møte med dykk.

Innspel kan sendast til postmottak@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse innan 21. mai.

Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 11.06.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering