Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Høyring - utbygging av breiband i Samnanger

Samnanger kommune planleggjer å søkja om meir tilskot til utbygging av breiband. I samband med dette ønskjer me innspel frå innbyggjarar og næringsdrivande i kommunen om kva område som skal prioriterast. Frist for å koma med innspel/gje høyringsuttale er 05.06.2014.

Frå 2014 har det kome ei ny statleg tilskotsordning for utbygging av breiband i distrikta. Tilskotsordninga vert forvalta av Post- og teletilsynet i samspel med fylkeskommunane.

Kommunane sin søknadsfrist for midlar i 2014 er 06.06.2014.

Kommunane kan søkja om tilskot til breibandsutbygging i område der det ikkje er breibandsdekning i dag (definert som område med nedlastingshastigheit på mindre enn 4 mbit/s). Vidare kan kommunane søkja om tilskot til utbygging for å auka kapasiteten i område der breibandskapasiteten er låg (definert som område med nedlastingshastigheit på mindre enn 30 mbit/s) og det ikkje er venta meir kommersiell utbygging dei næraste åra.  


Samferdselsdepartementet har fastlagt 6 kriterier som skal leggast til grunn for søknadene:

  • Talet på husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggjande kvalitet.
  • Kostnadseffektiv nettutbygging.
  • Lokal medfinansiering.
  • Plan for berekraftig drift etter at utbygginga er gjennomført.
  • Betring av eksisterande breibandstilbod.
  • Betydning for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggarar, næringsliv og besøkande.


Samnanger kommmune fekk i 2013 tilsegn om tilskot til breibandsutbygging i fleire område av kommunen som til no ikkje har hatt breiband. Desse utbyggingane er forventa å verta ferdigstilte sommaren 2014. I søknadsrunden for 2014 vil Samnanger kommune truleg prioritera å søkja om midlar til fiberutbygging i område av kommunen som i dag har breiband med låg kapasitet, men det kan også vera aktuelt å søkja om midlar til utbygging i område av kommunen som i dag ikkje har breiband. 

Det er viktig for Samnanger kommune å få innspel frå innbyggjarar og næringsdrivande, før det vert teke endeleg avgjerd om kva område me skal søkja om tilskotsmidlar for. 


Aksane/områda me har tenkt på er:

- Strekninga Tysse - Aldalen (delar av strekninga).
-
Strekninga Haukaneset - Ådland (delar av strekninga).
-
Børdalen.



Innspel/høyringsuttalar
Innbyggjarar, næringsdrivande samt lag og foreiningar i Samnanger kan gje høyringsuttale/koma med innspel. Høyringsuttalar/innspel må sendast på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no eller i brev til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Høyringsuttalar/innspel må vera kommunen i hende seinast 05.06.2014.


Kontaktperson for spørsmål er stabssjef Jan Erik Boge, tlf. 56 58 74 00.


Meir informasjon om statleg støtte til breibandsutbygging finn du på nettsidene til Post- og teletilsynet: www.npt.no

  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 20
E-post :
jan.erik.boge@samnanger.kommune.no
Tittel :
Sektorleiar organisasjon
Bunnhjørne
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering