Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Kom med innspel til kommuneplanens arealdel!

Det er no høve til å koma med innspel til revisjon av kommuneplanens arealdel. Denne planen legg premissane for korleis innbyggjarane kan nytta eigedomane sine. Fristen for å senda inn innspel er 31. mars 2014.

Folkemøte

Me inviterer i veke 11 til to folkemøte, der du kan få informasjon om planprosessen, og vert oppmoda til å koma med idear og innspel.

 

Tysdag 11. mars vert tema for møtet bustader, hytter og levekår. I omgrepet levekår ligg alt som har å gjera med til dømes fritid, bumiljø, møteplassar, turområde og lokalmiljø. Møtet vert halde på kommunehuset kl 19.

 

Onsdag 12. mars vert tema for møtet næring og infrastruktur. Møtet vert halde på Bjørkheim kro og motell kl 19.

 

Utbygging

Du kan melda inn ynskje om konkret arealbruk eller utbygging, innanfor tema bustad, hytter, infrastruktur og næring. Det er ikkje opna opp for å koma med innspel om utbygging innanfor kystsoneplanen sitt dekningsområde. Alle innspel skal sendast på følgjande skjema (DOCX, 67 kB). Ta kontakt med teknisk eining dersom du er usikker på om eigedomen din ligg innanfor eller utanfor kystsoneplanen, eller om du treng hjelp til utfyllinga.

 

”Der du vil leva og bu”

Det kan også gjevast innspel om korleis kommunen kan leggja til rette for at Samnanger skal vera ein stad ”der du vil leva og bu”. Innspela kan til dømes gjelda friluftsområde, leikeplassar, motocrossbane eller gang- og sykkelveg, og må på ein eller annan måte vera knytt til arealbruk. Her er det lov å bruka fantasien. Slike innspel skal sendast på følgjande skjema (DOCX, 63 kB).

 

Frist for innsending og meir informasjon

Fristen for å senda inn innspel er 31. mars 2014. Alle som sender inn vil få skriftleg svar med orientering om den vidare handsaminga.

 

Det er vedteke eit planprogram som skildrar planprosessen i detalj, det kan du lasta ned her: Planprogram (PDF, 371 kB)

 

Gjeldande arealplan og kystsoneplan finn ein her: Arealplan  Kystsoneplan 

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 14.03.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering