Kvar kommunestyreperiode skal det vedtakast ein kommunal planstrategi som oppsummerer kommunen sitt planbehov, og rangerer kva planar kommunestyret ynskjer å prioritera utarbeiding eller revisjon av i valperioden. Samnanger kommunestyre har gjort følgjande vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til planstrategi:
Med heimel i plan- og bygningslova § 10-1, andre ledd vert framlegg til kommunal planstrategi for Samnanger kommune 2020-2023 lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring til statlege og regionale organ og nabokommunar.
Det vert gjort følgjande endringar i forhold til naturutvalet si tilråding:
-
Det bør takast inn i samfunnsdelen ei målsetting om ein befolkningsvekst på 3 %.
-
Trafikksikringsplanen må inn som eige punkt i planprogrammet.
-
Bustadsosial handlingsplan skal vera ein del av samfunnsdelen i kommuneplanen
-
Arbeidet med arealdelen i kommuneplanen skal startast opp parallelt med samfunnsdelen. Fokuset skal då vera spesielt på dei områda som vert arbeidde med i samfunnsdelen.
Her er dokumenta som ligg ute til offentleg ettersyn:
Kommunal planstrategi for Samnanger kommune 2020-2023 (PDF, 3 MB)
Saksutgreiing til handsaminga i naturutvalet og kommunestyret (PDF, 690 kB)
Folkehelserapport (kortversjon) (PDF, 3 MB)
Folkehelserapport (fullversjon) (PDF, 7 MB)
Frist for å koma med merknadar er 16. april 2020. Merknadar skal sendast postmottak@samnanger.kommune.no