Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Kommune- og fylkestingsvalet 2011

Her vert det lagt ut informasjon om kommune- og fylkestingsvalet 2011. Valdagen var måndag 12.09.2011.

Innhald:


Valresultat
Resultat av kommunestyrevalet 2011 i Samnanger (oppdatert 13.09.2011 kl. 14.30).

 Parti/liste  Røyster     Prosent Repr. i kommunestyret Endring 
 Arbeidarpartiet       335        26,3 6 Som no
 Bygdalista                 175 13,7 3 Som no  
 Framstegspartiet 236 18,5 4 + 1
 Høgre 147 11,5 2 Som no
 Kristeleg folkeparti 251 19,7 4 - 1
 Senterpartiet 131 10,3 2 Som no

Valdeltakinga var på 68,50%.  


Oversikt over valde representantar til kommunestyret
Klikk her for oversikt over kven som vart valde som representantar og vararepresentantar til Samnanger kommunestyre 12.09.2011.


Røystestader og opningstider på valdagen
(sist oppdatert 29.08.2011)
 

Røystestader og opningstider ved kommune- og fylkestingsvalet 2011

Krins

Røystelokale

Opningstid

Rolvsvåg

Rolvsvåg skulehus

13.00-20.00

Nordbygda

Nordbygda grendahus

10.00-20.00

Steinsland

Nesodden bedehus

10.00-20.00

Tveit

Tveit ungdomshus

13.00-20.00

Frøland

Antons kulturhistoriske senter

13.00-20.00

Sandvik

Sandvik grendahus

13.00-20.00

Tysse

Kommunehuset

10.00-21.00




Står du i manntallet?

(sist oppdatert 20.07.2011)

Du må stå i manntalet dersom du vil røysta ved kommune- og fylkestingsvalet i år. Frå og med 27. juli til og med valdagen 12. september 2011 er manntalet lagt ut på følgjande stadar:
  • K. Knutsen A/S (Spar butikken) på Tysse
  • Kiwi Bjørkheim
  • Kommunehuset på Tysse

Samemanntalet vert lagt ut på kommunehuset i same tidsrom.

Dersom du har flytta etter 30.06.2011, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil førehandsrøysta på kommunehuset eller i Sparebanken Vest på Bjørkheim, eller røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå.

Det er mogeleg å tidlegrøysta frå 1. juli i ekspedisjonen på kommunehuset. Det vert vanleg førehandsrøysting i Sparebanken Vest på Bjørkheim og i ekspedisjonen på kommunehuset frå 10.08.2011 til 09.09.2011.

Står du ikkje i manntalet, kan du klaga – ref. vallova §2-7 ”krav om retting”. Oppdatering: Den som meinar at vedkomande sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Valstyret kan oppdatera manntalet så lenge det er ”praktisk mogeleg”.

Krav om retting må sendast til: Samnanger Valstyre, Tyssevegen 217, 5650 Tysse


Førehandsrøysting
(sist oppdatert 20.07.2011)

I perioden frå og med 10.08.2011 til og med 09.09.2011 er det ordinær førehandsrøysting til kommune- og fylkestingsvalet 2011. Dette gjeld for alle kommunar.

Førehandsrøysting i perioden 01.07.2011 - 09.08.2011
Frå 01.07.2011 har det vore høve til å førehandsrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse. Denne ordninga gjeld berre for veljarar som ikkje kan røysta på valdagen 12.09.2011, eller ved den ordinære førehandsrøystinga som tek til 10.08.2011. Førehandsrøystinga må skje i opningstida på kommunehuset som er frå kl. 08.00 til 15.00 på kvardagar. Ta kontakt med kommunen på telefon 56587400 dersom du har spørsmål om førehandsrøysting i perioden 01.07.2011 - 09.08.2011.

Førehandsrøysting i perioden 10.08.2011 - 09.09.2011.
Frå 10.08.2011 til 09.09.2011 kan du førehandsrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset frå kl. 8.30 – 15.00 og i Sparebanken Vest på Bjørkheim frå kl. 10.00 – 14.30 på kvardagar. Det vert høve til å røysta i ekspedisjonen på kommunehuset laurdag 03.09.2011 frå kl. 12.00 til 14.00 og torsdag 08.09.2011 frå kl. 08.30 – 17.00.

Ambulerande røysting
Veljarar som pga sjukdom eller anna ikkje kan røysta ved ordinær røysting, kan søkja om at dei kan få røysta heime. Søknaden må vera skriftleg og grunngjeven. Søknaden må vera grunngjeven og vera komen til Samnanger Valstyre innan 06.09.2011.

Førehandsrøysting på Samnangerheimen
Onsdag 07.09.2011 kl. 10.30 – 12.00 vert det høve til å førehandsrøysta på Samnangerheimen.


Valkort
(sist oppdatert 20.07.2011)

Det vert sendt ut valkort til alle veljarane. Valkortet bør takast med når du kjem for å røysta, det lettar arbeidet for røystemottakar.

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.


Offisielle vallister for kommunestyrevalet 2011
(sist oppdatert 24.06.2011)

Valstyret i Samnanger kommune har godkjent desse listeforslaga til kommunestyrevalet i Samnanger kommune:


Dei offisielle vallistene er lagt ut på nettsida til Samnanger kommune og i ekspedisjonen på kommunehuset. (Ved å klikka i lista ovanfor får du opp vallista for det aktuelle partiet).
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.09.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Kunngjeringar (1)
Hovudside (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering