Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Kommunedelplan for akvakultur i sjø – varsel om oppstart og offentleg ettersyn av framlegg til planprogram

Samnanger kommune ønskjer innspel til kommunedelplan for akvakultur i sjø.

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 26.11.2020

Naturutvalet vedtok i møte 17.11.2020, SAK 024/2020, å starte opp arbeidet med kommunedelplan for akvakultur i sjø ,og å legge forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn.

 

Framlegg til Planprogram. (PDF, 3 MB)

Planområde. (PDF, 8 MB)

Saksutgreiing til Naturutvalet. (PDF, 503 kB)

 

Høyringsperioden er 26.11.2020 – 21.01.2021

 

Kommunedelplanen sitt hovudføremål er å avklare og regulere arealbruk for eksisterande og framtidig matproduksjon i sjø (akvakultur). Planen skal balansere bruk og vern og legge føringar for matproduksjon i sjø sett i samanheng med klima, miljø og FN sine berekraftsmål.

 

Planprogrammet legg rammer for planarbeidet. Forslag til planprogram vert no lagt ut til offentleg ettersyn, samstundes som varsel om oppstart av planarbeidet. Føremålet med planprogrammet er å klarleggje premissar og rammer for planarbeidet. Det fastsette planprogrammet skal liggja til grunn for utarbeiding av planforslag med konsekvensutgreiinga (KU).

 

I planprogrammet har ein definert følgjande til å vera naturlege fokusområde i planarbeidet:

  • Analyse av eksisterande situasjon med utgangspunkt i gjeldande konsesjonar og kommuneplan.
  • Sikre areal for eksisterande lokalitetar, anlegg, fortøyingar og ankerfeste
  • Vurdering av om naturgitte forhold i fjorden gir opning for utvikling av eksisterande og nye areal til akvakultur
    • Areal spesifisert til framtidig utvika teknologi, som kan realiserast i løpet av planperioden
  • Skal enkelte akvakulturområde spesifiserast til art eller miljøkrav på enkelte areal eller for heile planen
  • Vassforskrifta og vassdirektivet. Kvalitetsnorm for villaks. Rettleiande avstand mellom akvakulturanlegg

 

Ønskjer du å komme med innspel til planarbeidet?

Send skriftlege merknadar og synspunkt til:

Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse

eller postmottak@samnanger.kommune.no

Merk oversendinga med KDP Akvakultur i sjø.

 

Kontaktperson:

Ragnhild Lønningdal. Tlf. 56 58 74 00

 

Vidare handsaming

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne merknadar og innspel bli samanfatta og vurdert før planprogrammet vert lagt fram for endeleg handsaming. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling på nyåret 2021.

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering