Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Kommunedelplan for små vasskraftverk - offentleg ettersyn

Samnanger kommune har fått utarbeidd ein kommunedelplan for små vasskraftverk som no vert lagt ut til offentleg ettersyn, frist for merknadar er 1.9.2014.

 

Kommunen vil vera ein pådrivar for utvikling av fornybar energi, og skal gjennom ei heilskapleg forvaltning av vassressursane sikra naturmangfald, friluftsliv, kulturmiljø og andre verdiar. Det er venta auka interesse for å byggja ut når kapasiteten på straumnettet blir betra. Kommunen ser eit behov for å setja lys på status og verdiar i vassdraga, for å sikra at utviklinga skjer i område med minst konflikt, og for å kunna peika på område som kan byggjast ut under særskilte vilkår.  Planen skal vera retningsgjevande for kommunen si sakshandsaming av kraftutbygging, og er ikkje ein verneplan som bandlegg areal. Kommunedelplan for små vasskraftverk skal ikkje erstatta ordinær søknadshandsaming av einskildprosjekt, men styrkja grunnlaget for ei heilskapleg vurdering av utbyggingssøknader for små vasskraftverk.

 

Planen er delt i to delar:

 

Del 1 er ein generell del (PDF, 6 MB) med lovgrunnlag, metodeskildring,  vurderingskriterium og retningsliner for sakshandsaming.

 

Del 2 gjev ei vurdering (PDF, 7 MB)av kraftutbygging i dei ulike vassdragsområda i kommunen opp i mot samfunnsinteresser som landskapsverdiar, friluftsliv, kulturminne, inngrepsfrie naturområde og naturmangfald.

 

Merknadar til planen skal sendast Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE, eller postmottak@samnanger.kommune.no innan 1.9.2014.

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering