Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Kommuneplanens arealdel - Planprogram

Planprogrammet skal danna grunnlag for arbeidet med å revidera arealdelen av kommuneplanen. Høyringsfrist 30. november 2013.

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 14.01.2014

Utval for natur gjorde 16. oktober 2013 vedtak om å leggja planprogram for revisjon av kommuneplanens arealdel ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13. Høyringsperioden er 17. oktober til 30. november 2013.

 

Eit planprogram skal gjera greie for føremålet med arbeidet, korleis planprosessen er lagt opp med deltakarar og fristar, opplegget for medverknad og behovet for utgreiingar.Trykk her for å opna planprogrammet. (PDF, 373 kB) Det er også tilgjengeleg for gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset.

 

I denne høyringsperioden er det høve til å koma med merknadar til sjølve planprogrammet, dvs. korleis arbeidet er lagt opp, opplegget for medverknad, korleis dei ulike plantema skal handsamast osb.

 

Innspel til konkret arealbruk skal ikkje sendast inn før planprogrammet er endeleg vedteke i desember. Det vil koma ei ny kunngjering frå kommunen om at det vert opna for innspel til planen på nyåret 2014.

 

Merknadar til planprogrammet skal sendast postmottak@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE innan 30. november 2013.

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering