Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Offentleg ettersyn av områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet

Planen er lagt ut til ettersyn i perioden 8. desember 2011 til 2. februar 2012.

 

Samnanger kommune har i samarbeid med Norconsult utarbeidd ein områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet. Sentrale plangrep er ei fotgjengarvenleg miljøgate omkransa av bustader, torg, forretning og kontor, samt ein fleirbrukshall delvis på fylling i Vågen.

 

Planarbeidet vart sett i gong med vedtak i kommunestyret 18.02.2010, og planprogrammet fastsett av naturutvalet 09.02.2011 og kommunestyret 24.02.2011 har lagt til grunn for arbeidet. Ein stadanalyse vart utarbeidd som ein innleiande del av planarbeidet for å leggja ned ein del prinsipp for utviklinga av tettstaden Bjørkheim. Kommunestyret handsama desse prinsippa 24.02.2011. Vedtaket om å leggja planen ut til offentleg ettersyn vart gjort av Naturutvalet 30. 11.2011, med heimel i plan- og bygningslova § 12-10.

 

Det er gjennomført konsekvensutgreiingar for ti ulike tema, dette finn ein som ein del av planskildringa. I tillegg er det lagt ved meir omfattande rapportar for utfyllinga, samt støyanalyse.

 

Plandokumenta kan lastast ned frå lenkjene under, og er lagt ut til gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset. Merknader skal sendast Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse innan 2. februar 2012. Eventuelt på e-post: adm@samnanger.kommune.no

 Plandokument:
 
 Planskildring med konsekvensutgreiing (PDF, 7 MB)
 Reguleringsplankart

 Føresegner (PDF, 413 kB)

-          Vedlegg        Bjørkheim områderegulering 3D-modell 1

-          Vedlegg        Bjørkheim områderegulering 3D-modell 2

-          Vedlegg        Bjørkheim ROS-analyse

-          Vedlegg        Områderegulering sol og skyggediagram

-         Vedlegg        Rapport om utfylling i sjø ved Bjørkheim, miljøgeologisk

-          Vedlegg        Rapport om utfylling i sjø ved Bjørkheim, grunnundersøkelser

-          Vedlegg        Konsekvensutgreiing utfylling i Grunnavågen ved Bjørkheim

-          Vedlegg        Støyrapport inkl. vedlegg

-          Vedlegg        Stadanalyse

-          Vedlegg        Bjørkheim illustrasjonsplan

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 19.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering