Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Oppstart av detaljregulering for Øvre Rolvsvåg industriområde

Samnanger kommune har sett i gang arbeid med detaljregulering i delegert sak nr. 072/11. Frist for innsending av merknader er 07.10.2011.

Planområdet ligg i Rolvsvåg, på vestsida av Samnangerfjorden. Området ligg over Fv 137 og eksisterande næringsområde. Det skal leggjast til rette for industri/næring med opp mot 15000 kvadratmeter nytt bruksareal.

Detaljregulering er i samsvar med kommuneplanen og området er allereie regulert til næring. Det er ikkje registrert større natur- eller kulturverdiar i området. Etter kommunen si vurdering løyser ikkje planen ut krav om konsekvensutgreiing.

Det vil bli lagt vekt på terrengutforming for å oppnå m.a. god tilkomst, rasjonell tomteform, god forvaltning av vassdrag og flaum, akseptabel fjernverknad og massebalanse.

Merknader til planarbeidet kan sendast til utførande konsulent Norconsult AS, Postboks 1199 Sentrum, 5811 Bergen, eller til e-post koh@norconsult.no. Mottekne merknader vil bli sendt kommunen saman med planforslaget.

Frist for å sende inn merknader er sett til 07.10.2011. Naboar og grunneigarar vil bli varsla særskilt. Spørsmål kan rettast til Norconsult v/Kjell Ove Hjelmeland, tlf. 55375530.  
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.09.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering