Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Oppstart av reguleringsplan for bustader gbnr. 24/8 m. fl. "Stien"

Frist for innspel til planarbeidet er 21.desember 2012.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at
ING. ØYVIND JØRGENSEN AS på oppdrag av Hylland as, set i gang arbeid med detaljregulering for gnr. 24 bnr. 8 m fleire, Stien i Samnanger kommune.

Planstatus og føremål
Planområdet er nordaust for bustadområdet Lønnebakken. Storparten av planområdet er ikkje opparbeida men det er bygd veg heilt fram til vassreinseanlegget i kommunen. Arealet består av blandingsskog som er kome naturleg utan planting.


I arealdelen til kommuneplanen er eigedomen vist med føremål bustad. Føremålet med planen er å tilretteleggja for nye tomtar for einebustader, tomannsbustader og område for leilegheiter. Det vil også bli areal for veg, for leikeplassar og grøntareal i planen.

Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kart (PDF, 315 kB), og området er 81.4daa.

Start av planarbeid vart varsla i lokalavisa Samningen torsdag 15.11.12. Naboar vart varsla via brev sendt 13.11.12.


Viktige utgreiingar
I planomtale til planen vil det bli kasta lys over konsekvensar av prosjektet og det skal utarbeidast risiko- og sårbarheitsvurdering.

Merknadar
Eventuelle synspunkt på planoppstart skal sendast skriftleg til ING. ØYVIND JØRGENSEN AS, Pb. 432, 5403 STORD, innan frist 21.12.12. Det er ikkje naudsynt å senda kopi til kommunen.


Kontaktperson: Gro Fagerbakke Tesdal

Mob. 40 55 24 33
E-post: gro@ingjorgens.no

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 15.11.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering