Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Øvre Rolvsvåg industriområde - Andre gongs offentleg ettersyn av reguleringsplan

Samnanger kommune har fått utarbeidd reguleringsplan for Øvre Rolvsvåg industriområde. Planen låg ute til offentleg ettersyn som ein detaljreguleringsplan frå 20.9.12 til 1.11.12. Den blir no lagt ut til andre gongs offentleg ettersyn som ein områdereguleringsplan.

 

Følgjande endringar er gjort i planen:

  • Plantypen er endra frå detaljreguleringsplan (pbl § 12-3) til områdereguleringsplan (pbl § 12-2), då dette samsvarar betre med kommunen sine intensjonar for området enn ei detaljregulering. Områdereguleringsplanar er heller ikkje bundne til å vera ferdig gjennomførte innan fem år, slik som detaljreguleringsplanar er etter pbl § 12-4 siste ledd.
  • Omlegging av traseane for o_KV1 og o_KV2 for betre terrengtilpassing.
  • Ny tilkomstveg, o_KV6 til område N2. Denne vegen blir liggjande tett inntil gbnr. 3/85.
  • Heile N10 og delar av N8 er endra frå næringsføremål til drikkevatn/grønstruktur for å sikra ei ny løysing for det kommunale drikkevassinntaket.

 

Plandokumenta kan opnast her:

Plankart (PDF, 5 MB)

Føresegner (PDF, 174 kB)

Planskildring (PDF, 5 MB)

Detaljert endringslogg (PDF, 216 kB)

 

Her er ei lenkje til kunngjeringa ved første gongs offentleg ettersyn av planen, dersom ein ynskjer å samanlikna: Øvre Rolvsvåg industriområde

 

Dei grunneigarane i planområdet som er direkte råka av endringane er tilskrivne med brev.

 

Eventuelle merknadar skal sendast postmottak@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE, innan 8. mai 14.

Publisert av Ragnhild Lønningdal. Sist endra 21.03.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering