Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Prinsippvedtak om utbyggingsavtalar – Offentleg ettersyn

Samnanger kommunestyre gjorde 5.3.14 vedtak om å leggja framlegg til prinsippvedtak om utbyggingsavtalar ut til offentleg ettersyn. Plan- og bygningslova § 17-2 heimlar bruk av utbyggingsavtalar for gjennomføring av planvedtak.

Ein utbyggingsavtale er ein avtale mellom kommunen og utbyggjar, og er eit verktøy til å fordela ansvar, rettar og plikter mellom utbyggjar og kommunen. I utbyggingsavtalen får kommunen sikra at dei ulike tiltaka knytt til ein reguleringsplan blir gjennomførte. Utbyggjaren får på si side klarlagt kva vilkår som må vera oppfylt for å få utbygginga gjennomført.

 

Utbyggingsavtalar er eit nyttig verkemiddel for aktiv samfunnsutvikling. Gjennom avtalar med private grunneigarar og/eller utbyggjarar bidrar kommunen til aktivitet i prioriterte område på fellesskapet sine premissar. Samstundes skal også utbyggjar og tredjemann sine interesser verta ivaretekne på ein god måte. Ein utbyggingsavtale kan ikkje omhandla sosial infrastruktur som skular, barnehagar, sjukeheimar osv.

 

Utbyggingsavtalar må ha grunnlag i eit kommunestyrevedtak der det går fram i kva tilfelle kommunen vil krevja utbyggingsavtalar og kva forventningar kommunen har til ein slik avtale. Samnanger kommunestyre sitt framlegg til prinsippvedtak (PDF, 175 kB)og eit utdjupande notat (PDF, 89 kB)ligg no ute til offentleg ettersyn fram til 20. april 2014.

 

Merknadar skal sendast postmottak@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE, innan 20. april 2014.

 

Ved spørsmål, kontakt planleggjar Ragnhild Lønningdal, tlf 56 58 74 44.

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering