Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Prinsippvedtak om utbyggingsavtalar

Samnanger kommunestyre gjorde 7.5.14 prinsippvedtak om bruk av utbyggingsavtalar. Plan- og bygningslova § 17-2 heimlar bruk av utbyggingsavtalar for gjennomføring av planvedtak.

 

Ein utbyggingsavtale er ein avtale mellom kommunen og utbyggjar, og er eit verktøy til å fordela ansvar, rettar og plikter mellom utbyggjar og kommunen. I utbyggingsavtalen får kommunen sikra at dei ulike tiltaka knytt til ein reguleringsplan blir gjennomførte. Utbyggjaren får på si side klarlagt kva vilkår som må vera oppfylt for å få utbygginga gjennomført.

 

Utbyggingsavtalar er eit nyttig verkemiddel for aktiv samfunnsutvikling. Gjennom avtalar med private grunneigarar og/eller utbyggjarar bidrar kommunen til aktivitet i prioriterte område på fellesskapet sine premissar. Samstundes skal også utbyggjar og tredjemann sine interesser verta ivaretekne på ein god måte. Ein utbyggingsavtale kan ikkje omhandla sosial infrastruktur som skular, barnehagar, sjukeheimar osv.

 

Utbyggingsavtalar må ha grunnlag i eit kommunestyrevedtak der det går fram i kva tilfelle kommunen vil krevja utbyggingsavtalar og kva forventningar kommunen har til ein slik avtale. Samnanger kommunestyre sitt framlegg til prinsippvedtak og eit utdjupande notat låg ute til offentleg ettersyn frå 20. mars til 20. april 2014.

 

7. mai 2014 gjorde kommunestyret det endelege vedtaket:

 

KS-020/14 Vedtak:

  1. Kommunestyret i Samnanger vedtek at det kan lagast utbyggingsavtalar for alle utbyggingsområde som blir regulert i kommunen.
  2. Innhaldet i utbyggingsavtalane kan variera frå område til område alt etter lokale tilhøve.
  3. I utbyggingsavtalen kan kommunen ta med alt som etter lova kan takast med.
  4. Avtalane skal vera i samsvar med kapittel 17 i plan- og bygningslova.
  5. Det utdjupande notatet, dagsett 07.03.2014, er eit prinsippdokument som gjev nærare retningslinjer for m.a. kva element slike avtalar som minimum skal innehalda, og vidare kva krav som kan innarbeidast i dei einskilde avtalane. Notatet skal gjennom den pågåande revisjonen av kommuneplanens arealdel innarbeidast i føresegnene.

 

 

For å utdjupa vedtaket er det laga eit NOTAT (PDF, 89 kB), og det ligg føre ein MAL (PDF, 334 kB) for utarbeiding av utbyggingsavtalar. Denne vil ved utarbeiding av reguleringsplanar danna eit utgangspunkt for å laga gode reguleringsføresegner, og seinare for forhandlingar med grunneigarar. Malen skal fungera som eit utgangspunkt, og det vil frå sak til sak variera kva som blir innhaldet i ein endeleg avtale.

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering