Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Om Samnanger > Aktuelle tema/saker

Utbygging ved Samnangerheimen (gammal side)

(Denne sida vert ikkje oppdatert etter 2013. Sjå ny informasjonsside om utbygging av Samnangerheimen for oppdatert informasjon).

Samnanger kommunestyre vedtok 04.11.2010 at den eldste delen av Samnangerheimen på Haga skal rivast og erstattast med nybygg same stad. Den eldste delen av Samnangerheimen vart bygd på 1950-talet og vart påbygd på 1970-talet.  

Den nyaste delen av Samnangerheimen skal behaldast. Denne delen vart teken i bruk på 1990-talet.

Det er førebels ikkje endeleg bestemt korleis sjukeheimsdrifta skal vera i byggeperioden.   

Forventa brutto kostnad (investeringramme) for prosjektet er 100 millionar kroner.


 

Diverse informasjon om utbygginga

Nedanfor vert det lagt ut diverse informasjon om utbygginga ved Samnangerheimen. Ved å gå inn på "les meir" under kvart punkt vil du finna utfyllande informasjon. I tabellen nedst i artikkelen finn du ein tabell der du kan lasta ned diverse dokument knytt til utbygginga av Samnangerheimen.   


Organisering av prosjektet
Utvalet for oppvekst og omsorg er styringsgruppe for prosjektet. Vidare er det oppretta ei prosjektgruppe på kommunenivå, samt ei gruppe på Samnangerheimen. Det er også valt ut nokre pårørande som skal vera med på det vidare arbeidet.


Tidsplan for prosjektet
Opprinneleg var målsettinga er at den nye sjukeheimen skulle vera innflyttingsklar ved årsskiftet 2013/14, og at rivinga av den gamle sjukeheimsdelen skulle skje våren 2012. Denne tidsplanen har vorte forskjøven fleire gongar. Det ser no ut til at rivinga av den eldste delen av Samnangerheimen vil skje hausten 2014 og at det nye sjukeheimsbygget vil stå ferdig i løpet av 2015.


Historikk og utfyllande informasjon
I Samnanger kommune sin Plan for pleie og omsorgstenestene 2008 - 2012 er det lista opp ulike tiltak i prioritert rekkefølgje. Prioritet nummer 1 er ombygging av Samnangerheimen til dagens standardkrav.

I november 2009 vedtok Utvalet for oppvekst og omsorg å setja ned ei arbeidsgruppe som skulle utarbeida kostnadsberekna framlegg til utbyggingsalternativ innan juni 2010. Arbeidsgruppa fekk hjelp av konsulentfirmaet Norconsult med dette arbeidet. Følgjande alternativ vart vurdert: 
 

  1. Rehabilitering av eksisterande bygningsmasse, med eit tilbygg for manglande romareal
  2. Riving av 50-talsbygningen, rehabilitering av 70-talsbygningen og å behalda 90-talsbygningen
  3. Riving av den eldste bygningsmassen og å behalda 90-talsbygningen.

 

Arbeidsgruppa si tilråding var å velja alternativ 3. Arbeidsgruppa sitt framlegg vart handsama både av Utvalet for oppvekst og omsorg og kommunestyret i september og desember 2010. Kommunestyret vedtok 04.11.2010 at det skal arbeidast vidare med alternativ 3 og at det skal utarbeidast eit byggjeprogram som skal danna grunnlag for anbodsrunde.  
Les meir. (PDF, 192 kB)

 

 

Oversikt over hendingar, vedtak og dokument 

 Dato       Tekst Utfyllande informasjon/dokument
 07.02.2012         Statusrapport frå rådmannen til styringsgruppa           - Statusrapport 07.02.2012 til styringsruppa (PDF, 76 kB)
 22.06.2011         Byggjeprogram vedteke av kommunestyret           - Saksframlegg, tilrådingar og vedtak (PDF, 240 kB)
 - Byggjeprogram (versjon 07.06.2011) (PDF, 4 MB)
 - Romprogram (versjon 07.06.2011) (PDF, 126 kB)
 29.03.2011 Gruppa på Samnangerheimen + konsulent frå Norconsult  Omvisning på Løvåsen undervisningssykehjem. 
 16.03.2011 Møte i gruppa på Samnangerheimen + konsulent frå Norconsult  Demo av Banobad og gjennomgang av romprogram
 09.02.2011    Informasjonsmøte for pårørande av pasientar på Samnangerheimen. Til dette møtet fekk alle som stod oppført som næraste pårørande invitasjon. 24 pårørande møtte. Det vart gitt informasjon om oppbygging av prosjektet, midlertidig drift, info frå Sveio, korleis få ut info til pårørande, framdrift og  pårørandegruppe.
 08.02.2011        Informasjonsmøte for tilsette Oppbygging av prosjektet, mandat for midlertidig drift, oppsummering etter Sveio, korleis få info ut og framdrift. 
 08.02.2011 Handsaming i utvalet for oppvekst og omsorg Mellombels sjukeheim i utbyggingsperioden - mandat til gjennomføring: 
 - Saksutgreiing og vedtak  (PDF, 94 kB)
 26.01.2011 Møte i gruppa på Samnangerheimen  Fysioterapeut ny medlem og gjennomgang av behov for fullmakter til midlertidig drift (sak til Utvalet for oppvekst og omsorg). 
 21.01.2011 Møte i gruppa på Samnangerheimen  Oppsummering etter tur til Sveio.
 20.01.2011        Gruppa på Samnangerheimen      Tur til Sveio (for å sjå på nybygd sjukeheim i Sveio).
 05.01.2011        Møte i gruppa på Samnangerheimen Møtekultur, innkalling/referat, informasjon og eventuelle undergrupper.
 04.11.2010     Handsaming i kommunestyret. Val av utbyggingsalternativ: 
 - Saksutgreiing og vedtak  (PDF, 92 kB)
 - Prosjektskisse frå Norconsult (PDF, 319 kB)
 30.09.2010       Handsaming i kommunestyret.  - Saksutgreiing og vedtak (PDF, 236 kB)
 - Rapport om ulike utbyggingsløysingar  (PDF, 2 MB)
 - Notat frå Norconsult om bærekonstruksjonar (PDF, 480 kB)
 - Romprogram (PDF, 38 kB)
 13.04.2010 Handsaming i utvalet
for oppvekst og omsorg.
Organisering av planarbeidet:
 - Saksutgreiing og vedtak (PDF, 126 kB)
 24.11.2009 Handsaming i utvalet for oppvekst og omsorg. Utpeiking av styringsgruppe og
nedsetting av arbeidsgruppe: 
 - Saksutgreiing og vedtak (PDF, 176 kB)
 16.09.2008        Plan for pleie og omsorgstenestene
2008 - 2012
vart vedteken av utvalet for oppvekst og omsorg.
 - Plan for pleie og omsorgstenestene (PDF, 650 kB)

 


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.08.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenesteeining/avdeling (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering